Semestre
KOH1-110KFK Kunst og handverk 1-10, Trearbeid i framtidsskulen, Kompetanse for kvalitet
Ingen.
Emnet er eitt av to emne i studieprogrammet Kunst og handverk i framtidsskulen 1-10, Kompetanse for kvalitet.
Studiet skal vidareutvikle studenten som utøvar i, og formidlar av, skulefaget Kunst og handverk, og har som mål å gje konkret og praksisnært læringsutbytte. Gjennom øving av teknikkar, praktisk utforsking og problemløysing, skal studenten utvikle materialforståing og handlag innan materialområdet tre. Studiet skal førebu studenten i å leie elevane i opne og utforskande prosessar, men og i stegvise prosessar med nytenking som mål.
Gjeldande læreplanar, fagfornyinga, fagteori og fagdidaktikk vil saman med studenten sin eigen skulepraksis, og rolla som utøvar, danne refleksjonsgrunnlag i studiet.
Tilbodet vil vektlegge å auke studenten sin profesjonsfaglege digitale kompetanse, ved bruk av ulike digitale læringsressursar, knytt til gjennomføring av studiet, og som verkty i det praktiske arbeidet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om tradisjonelle og utforskande tilnærmingar til tre som material
- har kjennskap til trematerialar sine eigenskapar, og moglegheiter for visuelt uttrykk
- har kunnskap om val av høveleg teknikkar og verkty til konkrete oppgåveløysingar
- har kunnskap om enkle og tenelege digitale teikneverkty, til bruk i stegvise og skapande prosessar
- har kunnskap om oppbygging av ein enkel treverkstad, samt kunnskap om stell og vedlikehald av handverkty og maskiner
- har kunnskap om planlegging, gjennomføring og vurdering knytt til undervisning i tre
Studenten
- kan legge til rette for og leie eleven sitt arbeid med tradisjonelle, samt utforskande tilnærmingar i tre
- kan utforske trematerialar sine eigenskapar, funksjonelt og visuelt
- kan rettleie eleven i val av høveleg teknikk og verkty knytt til konkrete oppgåveløysingar
- kan støtte eleven i arbeidet med idéutvikling og skissearbeid ved hjelp av digitale verkty
- kan planlegge og organisere ein treverkstad, samt vedlikehalde handverkty og maskiner
Studenten
- kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje gjenbruk og berekraftig utvikling
- kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet
- kan bruke verdiar i faget til å stimulere elevane si personlegdomsutvikling og danning
- har kunnskap om og kan formidle visuell og materiell kultur som grunnlag for kulturforståing
Emnet er nett- og samlingsbasert med to samlingar på Høgskulen i Volda, veke 36 og 46. I tillegg vert det lagt opp til nettleksjonar annakvar veke, samt nettbasert prat ein time pr. veke.
Samlingane vil sikre at studentane får nødvendig undervisning og rettleiing i praktisk arbeid i verkstadane, erfaring i bruk av handverkty og maskiner, samt kunnskap om varierte arbeidsmåtar og -prosessar, som står sentralt i arbeidet med treundervisning. Mellom kvar samling må studenten pårekne arbeid i treverkstad ved eigen arbeidsplass.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet vil veksle mellom praktisk og teoretisk tilnærming og oppgåveløysing, og didaktisk refleksjon knytta til studenten si eiga praksiserfaring. Aktiv bruk av digitale verkty og læringsressursar vert vektlagt.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).
Arbeidskrav:
80 % gjenomføring av alle nettleksjonar i semesteret. Arbeidet skal vere ferdig innan innan fastsett frist.
Studentane betaler ei materialavgift på kr. 400,- til innkjøp av fellesmaterialar. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr, samt materialar til eige eksamensarbeid.
- Kunst og handverk 1, 1.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | Semester | Stått eller ikkje stått | Ei mappe med praktiske arbeid og tilhøyrande fagdidaktiske refleksjonar. |