Semestre
KOH117 Tekstil - design og handverk
Ingen
Tekstil - design og handverk er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk. Dette er eit praktisk emne der ein får lære om ulike materiale, teknikkar og designprosessar innan fagområde tekstil.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har brei kunnskap om ulike materialar, teknikkar, verktøy og visuelle verkemiddel innan materialområdet tekstil
- har kunnskap om idéutvikling, skissearbeid og designprosessar
- har kunnskap om stell og vedlikehald av utstyr
- har kunnskap om estetisk analyse med vurdering av form og funksjon
- har kunnskap om gjenbruk og økologiske perspektiv knytt til fagområdet
- har kjennskap til fagtradisjonar, og fagområdet sin plass i skule og samfunn.
Studenten:
- kan bruke ulike teknikkar og verktøy på ein høveleg måte innan materialområdet tekstil
- kan gjere hensiktsmessige materialval
- kan jobbe planmessig med ideutvikling og skissearbeid som del av ein designprosess
- kan bruke og vedlikehalde utstyr ut frå eit funksjons- og miljøperspektiv
- kan vurdere og analysere ulike visuelle uttrykksformer i eige og andre sitt arbeid.
Studenten:
- kan utnytte faget sitt potensiale i å fremje berekraftig utvikling
- kan reflektere kring relevante helse-, miljø- og sikkerheits-tiltak knytt til fagområdet
- kan utveksle erfaringar og synspunkt med bakgrunn i fagområdet, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Studenten får prosessevaluering i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen.
Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysing slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråvær.
Arbeidskrav: Eit praktisk arbeid med tilhøyrande dokumentasjon til fastsett frist.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
Studenten betaler ei materialavgift på kr 800,- Studenten betalar sjølv materiale til eksamensoppgåva.
- Design, kunst og handverk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell | 6 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Ei praktisk oppgåve med tilhøyrande dokumentasjon. |