Semestre
KOH117 Tekstil - design og redesign
Ingen
Tekstil - design og redesign er eit valfritt emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, og er i tillegg ope for vidareutdanningsstudentar. Dette er eit praktisk emne der ein får lære om ulike tekstile materiale og teknikkar som filting, trykking, saumteknikk, mønstertilpassing, omsaum og modellering av kle, tilbehør og utvikling av tekstilar for interiør.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om fagområdet tekstil som materiale, i designprosess og som skulefag
- har kunnskap om form- og funksjonsanalyse som verkty i vurdering av eigne og andre sine arbeid
- har kunnskap om kunst og kulturstoff knytt til kles- og interiørkulturen
- har kunnskap om ideutvikling og skisseprosess som del av ein kreativ prosess
- kan planlegge og gjennomføre produksjonsprosessar frå idè til ferdig produkt
- kan planlegge, organisere og vedlikehalde gode verkstader
- har kunnskap om gjenbruk og økologisk perspektiv knytt til fagområdet.
Studenten:
- kan sjølvstendig vurdere og velje ut tenleg materiale, teknikk og verkty
- kan bruke og vedlikehalde reiskapar og tekstilar, samt organisere funksjonelle verkstader
- kan utvikle ein idé, planleggje og gjennomføre produksjonsprosessar fram til ferdig form
- kan dokumentere og vurdere eigen utøvande prosess, samt vise praktisk handlag
- kan gjere greie for produktet sine kulturelle referansar og nytte dette i eige arbeid
- kan meistre form- og funksjonsanalyse som verkty i vurdering av eigne og andre sine arbeid.
Studenten:
- kan utnytte faget sitt potensiale når det gjeld gjenbruk og berekraftig utvikling
- kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet, material og verkstad
- kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.
Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.
Studenten får prosessevaluering i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).
Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.
Arbeidskrav: Eitt praktisk arbeidskrav med prosessdokumentasjon må vere lagt fram til fastsett frist.
Sensur blir gjennomført etter Forskrift om opptak, studium og eksamenved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Studenten betaler ei materialavgift på kr 900,-.
- Design, kunst og handverk - bachelor
- Design, kunst og handverk vidareutdanning
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Praktisk oppgåve med prosessrapport og arbeidsbok |