Semestre
KOH117 Tekstil - design og redesign
Ingen
Tekstil - design og redesign er ein del av studieprogrammet Bachelor i Kunst og handverk, og er i tilegg ope for vidareutdanningsstudentar. Dette er eit praktisk emne der ein får lære om ulike tekstile materiale, filting, saumteknikk, mønstertilpassing, redesign, omsaum og modellering av klær og tilbehør.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om fagområdet tekstil som materiale, i designprosess og som skulefag
- har kunnskap om form- og funksjonsanalyse som verkty i vurdering av eigne og andre sine arbeid
- har kunnskap om kunst og kulturstoff knytt til kleskulturen
- har kunnskap om ideutvikling og skisseprosess som del av kreativ prosess
- kan planlegge og gjennomføre produksjonsprosessar frå idè til ferdig produkt
- kan planlegge, organisere og vedlikehalde gode verkstader
- har kunnskap om gjenbruk og økologisk perspektiv knytt til fagområdet
Studenten:
- kan sjølvstendig vurdere og velje ut tenleg materiale, teknikk og verkty.
- kan bruke og vedlikehalde reiskap og tekstilar, samt organisere funksjonelle verkstader
- kan utvikle ein idé, planleggje og gjennomføre produksjonsprosessar fram til ferdig form,
- kan dokumentere, vurdere eigen utøvande prosess og vise praktisk handlag.
- kan gjere greie for produktet sine kulturelle referansar og nytte dette i eige arbeid.
- kan meistre form- og funksjonsanalyse som verkty i vurdering av eigne og andre sine arbeid
Studenten:
- kan utnytte faget sitt potensiale når det gjeld gjenbruk og bærekraftig utvikling
- kan reflektere over relevante HMS-tiltak knytt til fagområdet, material og verkstad
- kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning
Emnet er i hovudsak konsentreert om praktisk arbeid i verkstaden med utgangspunkt i tema, verkty, teknikkar og materiale. Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Studenten får prosessevaluering i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: § 4-6. Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i arbeidsprosessane.
Arbeidskrav: Eit praktisk arbeidskrav med prosessdokumentasjon må vere lagt fram til fastsett tid.
Sensur blir gjennomført etter Forskrift om opptak, studium og eksamenved Høgskulen i Volda kap 5 § 4-6
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studenten betaler ei materialavgift på kr 900,-
- Design, kunst og handverk - bachelor
- Design, kunst og handverk vidareutdanning
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Praktisk oppgåve med visualisert dokumentasjon av prosess og refleksjon. |