Semestre
KOH133 Teikning og måling
Ingen
Teikning og måling er eit obligatoriske emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk. Dette er eit innføringsemne og målet er å gi ei grunnlegggjande opplæring i todimensjonale uttrykksformer.
Gjennom praktisk skapande arbeid lærar studentane om form, farge og komposisjon i møte med todimensjonale uttrykk. Kjennskap til kunsthistoria og biletanalyse, og å kunne bruke og relatere dette til eige skapande arbeid, inngår også i emnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om ulike materiale, teknikkar og verkty i arbeid med teikning og måling
- har kunnskap om form, farge og komposisjon knytt til todimensjonale uttrykksformer
- har kunnskap om idéutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
- har kunnskap om kunst- og formkultur relatert til prakstisk skapande arbeid.
Studenten:
- kan bruke ulike materiale, teknikkar og verkty i arbeid med teikning og måling
- kan bruke formalestetiske verkemiddel i eigne skapande prosessar, og kan reflektere rundt desse, i eige og andre sitt arbeid
- kan jobbe medvite med ideutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
- kan vurdere og relatere eige praktisk skapande arbeid til den eksisterande kunst- og formkulturen.
Studenten:
- har forståing for samanhengen mellom valde skapingsmedium og uttrykk
- kan utnytte faget sitt potensiale i å fremme gjenbruk og bærekraftig utvikling.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.
Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.
Anna som vedkjem gjennomføringa av emnet: Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6
Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.
Arbeidskrav: Ei praktisk oppgåve, leverte til fastsett frist.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4
Studentane betaler ei materialavgift på kr 400,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av nokre eigne materiale og reiskap.
- Design, kunst og handverk - årsstudium
- Design, kunst og handverk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Eitt todimensjonalt arbeid med inspirasjon- og skisseprosess. Eitt todimensjonalt arbeid med prosessrapport. |