Semestre

KOH133 Kunst - Skaping og formidling

Emnekode: 
KOH133
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Kunst - Skaping og formidling er eit obligatoriske emne i studieprogram Bachelor kunst og handverk.

Sentralt i emnet står fritt skapande arbeid, to- og tredimensjonalt, innanfor ulike materialområde. Samstundes vert presentasjon og formidling av eigne visuelle uttrykk vektlagt.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om ulike materiale og reiskapar i arbeid med to-og tredimensjonale uttrykk
  • har kunnskap om estetiske verkemiddel
  • har kunnskap om idéutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke ulike materiale og reiskapar i arbeid med teikning, maling, grafikk og skulptur
  • kan bruke estetiske verkemiddel i eigne skapande prosessar, og kan reflektere rundt desse, i eige og andre sitt arbeid
  • kan jobbe bevisst med ideutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
Generell kompetanse

Studenten:

  • har innsikt i og forståing for to- og tredimensjonal kunst, historisk og i det moderne samfunn
  • har forståing for samanhengen mellom valde skapingsmedium og uttrykk
  • kan utnytte faget sitt potensiale i å fremme gjenbruk og bærekraftig utvikling
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.  

Anna som vedkjem gjennomføringa av emnet: - Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap.- Studentarbeid som blir produsert og dokumentert i løpet av emnet vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar, dersom ikkje studenten skriftleg motsett seg dette.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Fråværsprosenten vert rekna for kvar av dei tre emnemodulane. Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysingar slik at lærar og medstudentar kan få innsyn læringsprosessane.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
14
Maksimumstal: 
18
Emneansvarleg: 
Åshild Sævik
Materialavgift

Studentane betaler ei materialavgift på kr 600 til innkjøp av fellesmateriale.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Design, kunst og handverk - årsstudium
  • Design, kunst og handverk - bachelor
  • Design, kunst og handverk vidareutdanning
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Mappeeksamen er samansett av:
- Eit todimensjonalt arbeid med prosessdokumentasjon og skriftleg refleksjon.
- Eit tredimensjonalt arbeid med prosessdokumentasjon.
- Eit grafisk blad.