Semestre
KOH133 Kunst - Skaping og formidling
Ingen
Kunst - skaping og formidling er eit obligatoriske emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk.
Sentralt i emnet står fritt skapande arbeid, to- og tredimensjonalt, innanfor ulike materialområde. Samstundes vert presentasjon og formidling av eigne visuelle uttrykk vektlagt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om ulike materiale, teknikkar og verkty i arbeid med to- og tredimensjonale uttrykk
- har kunnskap om formalestetikk
- har kunnskap om idéutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
- har kunnskap om kunst- og formkultur relatert til prakstisk skapande arbeid.
Studenten:
- kan bruke ulike materiale, teknikkar og verkty i arbeid med to- og tredimensjonale uttrykk
- kan bruke formalestetiske verkemiddel i eigne skapande prosessar, og kan reflektere rundt desse, i eige og andre sitt arbeid
- kan jobbe bevisst med ideutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess.
Studenten:
- har kjennskap til to- og tredimensjonal kunst, historisk og i det moderne samfunn
- har forståing for samanhengen mellom valde skapingsmedium og uttrykk
- kan utnytte faget sitt potensiale i å fremme gjenbruk og bærekraftig utvikling.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.
Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.
Anna som vedkjem gjennomføringa av emnet: Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).
Fråværsprosenten vert rekna for kvar av dei tre emnemodulane. Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysning slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga, har sjølve ansvar for å setje seg inn i gjennomgått fagstoff i deira fråver.
Arbeidskrav: To arbeidskrav levert til fastlagd frist.
Sensur vert gjennomført med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Studentane betaler ei materialavgift på kr 600 til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av nokre eigne reiskap.
- Design, kunst og handverk - årsstudium
- Design, kunst og handverk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Eit todimensjonalt arbeid med inspirasjons- og skisseprosess. Eit tredimensjonalt arbeid med prosessdokumentasjon. |