Semestre

KOH139 Entreprenørskap i kreative næringar

Emnekode: 
KOH139
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Entrepreneurship in creative industries
Emnenavn på bokmål: 
Entreprenørskap i kreative næringer
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Entreprenørskap i kreative næringar er eit valfritt emne i studieprogrammet Bachelor i Kunst og handverk, men er også tilgjengeleg for eksterne søkarar. Emnet gjev innsikt i kva potensiale som ligg i kunnskap om entreprenørskap, korleis idear kan realiserast og kva som må til for å etablere eige føretak. Emnet gjev forståing for korleis eigen fagkompetanse kan danne grunnlag for eiga verksemd og verdiskaping.

Emnet gjev innføring innan hovudområda entreprenørskap og entreprenøren, idéutvikling og kreativitet, og etablering og kommersialisering.

Emnet eignar seg spesielt godt for dei som har utdanning i, eller er i, ei utdanning innanfor praktiske fagområde knytt til kreative næringar. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om entreprenørskapsomgrepet og kva rolle entreprenørskap kan spele i samfunnet 
  • har kunnskap om idéutvikling og kreative prosessar
  • har kunnskap om korleis ein kan utvikle og skrive forretningsplan/modell
  • har kjennskap til kommunikasjons- og formidlingsstrategiar i møte med aktuelle aktørar og samarbeidspartar
  • har kjennskap til verkemiddelapparatet og finansiering av kulturprosjekt
  • har kunnskap om oppstart, registrering, drift og avvikling av ein studentbedrift
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan anvende kunnskap om ulike sider ved entreprenørskap
  • kan vurdere samanhengar mellom entreprenørskap og samfunn
  • kan planlegge og gjennomføre idéutviklingsprosessar, både individuelt og i samarbeid med andre
  • kan utvikle og skrive ein forretningsmodell/plan
  • kan planleggje og gjennomføre presentasjonar, både individuelt og i samarbeid med andre
  • kan etablere, registrere og avvikle ein studentbedrift
Generell kompetanse

Studenten:

  • har utvikla kunnskap og ferdigheter om sentrale fasar frå idé til utvikling av praktisk prosjekt eller etablering av eiga verksemd
  • har kjennskap til kva som ligg i den samla entreprenørskapskompetansen, som kunnskap, haldningar og ferdigheiter  
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar, seminar med studentaktivitet og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.

Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen,  §4-6 https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697.

 

Arbeidskrav:

Individuell skriftleg oppgåve knytt til tema Entreprenørskap. Oppgåva skal vere på om lag 1500 ord, og vere levert til fastsett tid.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
16
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Janne Heggvoll
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelor i mediedesign
  • Bachelor i medieproduksjon
  • Bachelorstudium i friluftsliv
  • Design, kunst og handverk - bachelor
  • Design, kunst og handverk vidareutdanning
  • Musikk - bachelor
  • PR, kommunikasjon og media - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Gruppe
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
70
Eksamen består av to eksamensdelar, eit prosjektarbeid i gruppe og eit individuelt refleksjonsnotat:

Eit praktisk prosjektarbeid utført i gruppe vert lagt fram for eit panel som vurderer både innhald og framføring. Prosjektarbeidet vil gi ein felles karakter for gruppa og vert vekta 70% av den samla eksamenskarakteren.
Heimeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
30
Kvar student leverer eit individuelt refleksjonsnotat på om lag 1000 ord knytt opp mot eiga rolle i prosjektarbeidet. Refleksjonsnotatet vert vekta 30% av den samla eksamenskarakteren.
Godkjent av: 
Aud Folkestad