Semesters
KOH139 Entreprenørskap i kreative næringar
Ingen
Entreprenørskap i kreative næringar er eit valfritt emne i studieprogrammet Bachelor i Kunst og handverk, men er også tilgjengeleg for eksterne søkarar. Emnet gjev innsikt i kva potensiale som ligg i kunnskap om entreprenørskap, korleis idear kan realiserast og kva som må til for å etablere eige føretak. Emnet gjev forståing for korleis eigen fagkompetanse kan danne grunnlag for eiga verksemd og verdiskaping.
Emnet gjev innføring innan hovudområda entreprenørskap og entreprenøren, idéutvikling og kreativitet, og etablering og kommersialisering.
Emnet eignar seg spesielt godt for dei som har utdanning i, eller er i, ei utdanning innanfor praktiske fagområde knytt til kreative næringar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om entreprenørskapsomgrepet og kva rolle entreprenørskap kan spele i samfunnet
- har kunnskap om idéutvikling og kreative prosessar
- har kunnskap om korleis ein kan utvikle og skrive forretningsplan/modell
- har kjennskap til kommunikasjons- og formidlingsstrategiar i møte med aktuelle aktørar og samarbeidspartar
- har kjennskap til verkemiddelapparatet og finansiering av kulturprosjekt
- har kunnskap om oppstart, registrering, drift og avvikling av ein studentbedrift
Studenten:
- kan anvende kunnskap om ulike sider ved entreprenørskap
- kan vurdere samanhengar mellom entreprenørskap og samfunn
- kan planlegge og gjennomføre idéutviklingsprosessar, både individuelt og i samarbeid med andre
- kan utvikle og skrive ein forretningsmodell/plan
- kan planleggje og gjennomføre presentasjonar, både individuelt og i samarbeid med andre
- kan etablere, registrere og avvikle ein studentbedrift
Studenten:
- har utvikla kunnskap og ferdigheter om sentrale fasar frå idé til utvikling av praktisk prosjekt eller etablering av eiga verksemd
- har kjennskap til kva som ligg i den samla entreprenørskapskompetansen, som kunnskap, haldningar og ferdigheiter
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar, seminar med studentaktivitet og praktisk og teoretisk oppgåveløysing.
Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697.
Arbeidskrav:
Individuell skriftleg oppgåve knytt til tema Entreprenørskap. Oppgåva skal vere på om lag 1500 ord, og vere levert til fastsett tid.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Bachelor in friluftsliv/outdoor life education
- Bachelor in Medieproduction
- Design, Arts and Crafts
- Design, Arts and Crafts - bachelor
- Media, IKT og design - Mediadesign
- Music - bachelor
- PR, Communication and Media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Group | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 70 | |||
Home exam | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 30 | Kvar student leverer eit individuelt refleksjonsnotat på om lag 1000 ord knytt opp mot eiga rolle i prosjektarbeidet. Refleksjonsnotatet vert vekta 30% av den samla eksamenskarakteren. |
Eit praktisk prosjektarbeid utført i gruppe vert lagt fram for eit panel som vurderer både innhald og framføring. Prosjektarbeidet vil gi ein felles karakter for gruppa og vert vekta 70% av den samla eksamenskarakteren.