Semestre
KOH2-110KFK Kunst og handverk 1-10,Teikninga lever, Kompetanse for kvalitet
Ingen.
Emnet er eitt av to emne i studieprogrammet Kunst og handverk 1, 1- 10, Kompetanse for kvalitet.
Studiet skal vidareutvikle studenten som utøvar og formidlar av skulefaget Kunst og handverk, og har som mål å gje konkret og praksisnært læringsutbytte. I emnet utforskar ein koplingane mellom analoge og digitale verkty og studenten møter fleire teknikk- og materialområde, også utover tradisjonell teikning. Gjennom opne og utforskande prosessar i teikning, skal studenten få kunnskap og ferdigheiter som kan støtte elevane i deira læringsprosessar. Studiet gjev kunnskap om materiale, teknikkar og visuelle verkemiddel og teikning som språk. Tilbodet vil vektlegge å auke studenten sin profesjonsfaglege digitale kompetanse, ved bruk av ulike digitale ressursar knytt både til gjennomføring av studiet, og som verkty i det praktiske arbeidet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har grunnleggande kunnskap om materiale, teknikk og reiskap i teikneundervisninga
- har kunnskap om teikning som idéutviklingsverkty og barn sine teikneprosessar
- har kunnskap om teikning sitt potensiale som kommunikasjonsmiddel
- har kunnskap om tenlege digitale verkty i teikneundervisninga
- har kjennskap til organisering av teikneverkstad og vedlikehald av utstyr
- har kunnskap om planlegging, gjennomføring og vurdering knytt til undervisning i teikning.
Studenten
- kan legge til rette for og leie eleven sitt arbeid mot kreative teikneprosessar
- kan utforske og utvikle idear med teikning som metode
- kan nytte og vurdere teikning som språk
- kan bruke og reflektere over tenelege digitale teikneverkty i undervisningssamanheng
- kan organisere ein teikneverkstad og vedlikehalde utstyr.
Studenten
- kan reflektere over etiske problemstillingar i samband med visuelle uttrykk
- kan utforske digitale teikneverkty og vurdere korleis dette kan føre til endringar i undervisninga
- kan bruke verdiar i faget til å stimulere elevane si personlegdomsutvikling og danning
- har kunnskap om og kan formidle visuell og materiell kultur som grunnlag for kulturforståing.
Emnet er nett- og samlingsbasert med to samlingar på Høgskulen i Volda. I tillegg vert det lagt opp til digitale læringsløyper og nettbasert veiledning i mellom samlingane.
Samlingane vil sikre at studentane får nødvendig undervisning og rettleiing i praktisk arbeid i verkstadane, samt kunnskap om varierte arbeidsmåtar og -prosessar, som står sentralt i teikneundervisninga. Mellom kvar samling må studenten pårekne praktisk arbeid ved eigen teikneverkstad.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet vil veksle mellom praktisk og teoretisk tilnærming og oppgåveløysing, og didaktisk refleksjon knytta til studenten si eiga praksiserfaring. Aktiv bruk av digitale verkty og læringsressursar vert vektlagt.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).
Arbeidskrav:
80 % gjenomføring av alle læringsløyper i semesteret. Kvar læringsløype inneheld oppgåver som studentane skal gjennomføre innan fastsett frist. Kunnskapsdeling på eigen arbeidsplass, og undervegsvurdering blir særleg tematisert.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Studentane betaler ei materialavgift på kr. 400,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr, samt materiale til eige eksamensarbeid.
- Kunst og handverk 1, 1.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | Semester | Stått eller ikkje stått | Ei mappe med praktiske arbeid og fagdidaktisk refleksjon. |