Semestre

KOH2-110KFK Kunst og handverk 1-10,Teikninga lever, Kompetanse for kvalitet

Emnekode: 
KOH2-110KFK
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet er eitt av to emne i studieprogrammet Kunst og handverk 1, 1- 10, Kompetanse for kvalitet.

Studiet skal vidareutvikle studenten som utøvar og formidlar av skulefaget Kunst og handverk, og har som mål å gje konkret og praksisnært læringsutbytte. I emnet utforskar ein koplingane mellom analoge og digitale verkty og studenten møter fleire teknikk- og materialområde, også utover tradisjonell teikning. Gjennom opne og utforskande prosessar i teikning, skal studenten få kunnskap og ferdigheiter som kan støtte elevane i deira læringsprosessar. Studiet gjev kunnskap om materiale, teknikkar og visuelle verkemiddel og teikning som språk. Tilbodet vil vektlegge å auke studenten sin profesjonsfaglege digitale kompetanse, ved bruk av ulike digitale ressursar knytt både til gjennomføring av studiet, og som verkty i det praktiske arbeidet.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggande kunnskap om materiale, teknikk og reiskap i teikneundervisninga
  • har kunnskap om teikning som idéutviklingsverkty og barn sine teikneprosessar
  • har kunnskap om teikning sitt potensiale som kommunikasjonsmiddel
  • har kunnskap om tenlege digitale verkty i teikneundervisninga
  • har kjennskap til organisering av teikneverkstad og vedlikehald av utstyr
  • har kunnskap om planlegging, gjennomføring og vurdering knytt til undervisning i teikning.
Ferdigheiter

Studenten

  • kan legge til rette for og leie eleven sitt arbeid mot kreative teikneprosessar
  • kan utforske og utvikle idear med teikning som metode 
  • kan nytte og vurdere teikning som språk
  • kan bruke og reflektere over tenelege digitale teikneverkty i undervisningssamanheng
  • kan organisere ein teikneverkstad og vedlikehalde utstyr.
Generell kompetanse

Studenten 

  • kan reflektere over etiske problemstillingar i samband med visuelle uttrykk
  • kan utforske digitale teikneverkty og vurdere korleis dette kan føre til endringar i undervisninga 
  • kan bruke verdiar i faget til å stimulere elevane si personlegdomsutvikling og danning
  • har kunnskap om og kan formidle visuell og materiell kultur som grunnlag for kulturforståing.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nett- og samlingsbasert med to samlingar på Høgskulen i Volda. I tillegg vert det lagt opp til digitale læringsløyper og nettbasert veiledning i mellom samlingane.

Samlingane vil sikre at studentane får nødvendig undervisning og rettleiing i praktisk arbeid i verkstadane, samt kunnskap om varierte arbeidsmåtar og -prosessar, som står sentralt i teikneundervisninga. Mellom kvar samling må studenten pårekne praktisk arbeid ved eigen teikneverkstad.

Arbeids- og undervisningsformene i studiet vil veksle mellom praktisk og teoretisk tilnærming og oppgåveløysing, og didaktisk refleksjon knytta til studenten si eiga praksiserfaring. Aktiv bruk av digitale verkty og læringsressursar vert vektlagt.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

Arbeidskrav:

80 % gjenomføring av alle læringsløyper i semesteret. Kvar læringsløype inneheld oppgåver som studentane skal gjennomføre innan fastsett frist. Kunnskapsdeling på eigen arbeidsplass, og undervegsvurdering blir særleg tematisert.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Karen Brænne
Janne Heggvoll
Materialavgift

Studentane betaler ei materialavgift på kr. 400,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr, samt materiale til eige eksamensarbeid.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Kunst og handverk 1, 1.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
Semester
Stått eller ikkje stått
Ei mappe med praktiske arbeid og fagdidaktisk refleksjon.
Godkjent av: 
Unni Hagen