Semestre
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
KOH203 Visuell kommunikasjon II
KOH131 og KOH133, eller KOH111 og KOH113, eller MID131 og MID115. Eller tilsvarande etter særskild søknad.
Visuell kommunikasjon II er eit valfritt emne i studieprogram Bachelor Kunst og handverk.Emnet byggjer vidare på det faglege nivået som emnet KOH 131 Visuell kommunikasjon gir, og utviklar djupare innsikt i, og forståing for, visuell kommunikasjon.Det vert lagt vekt på kunnskap om formalestetikk, der form, farge, komposisjon, teikn, typografi og teori knytt til visuell identitet og kommunikasjon, er ein viktig del av undervisninga.Sentralt i emnet står bruken av digitale designverktøy i arbeid med to- og tredimensjonale kommunikasjonsflater. Gjennom skapande arbeid lærer studenten å bruke det visuelle språket i ulike kommunikasjonsprosessar. Oppgåvene skal gje studentane kunnskap om, og ferdigheiter i, ulike teknikkar og metodar, for å kunne jobbe strategisk med kommunikasjon i ein stadig større mediekvardag.
KUNNSKAP Studenten: • har kunnskap om visuelle verkemiddel som form, farge, komposisjon og typografi • har kunnskap om digitale designverktøy • har kunnskap om ide- og konseptutvikling • har kunnskap om skissearbeid som del av ein kreativ prosess • har kunnskap om bruk av visuelle verkemiddel i utviklinga av ein visuell identitet • har kunnskap om ulike kommunikasjonsstrategiar • har kjennskap til etiske problemstillingar knytt til ulike kommunikasjonskanalar • har kjennskap til visuell kvalitet knytt til ulike kommunikasjonskanalar• har kunnskap om visuell språkteori FERDIGHEITER Studenten: • kan bruke form, farge, komposisjon og typografi i eigne skapande prosessar, og kan reflektere rundt desse i eige og andre sitt arbeid • kan bruke digitale designverktøy som reiskap i eige arbeid • kan arbeide i ein prosess frå ide/konsept til ferdig produkt • kan bruke skisser aktivt i ein kreativ prosess • kan bruke teori knytt til visuell identitet og kommunikasjonsstrategiar i eigne skapande prosessar • kan vurdere og reflektere rundt etiske problemstillingar knytt til ulike kommunikasjonskanalar • kan vurdere og reflektere rundt visuell kvalitet knytt til ulike kommunikasjonskanalar • kan sjå samanhengen mellom visuell språkteori og det praktisk skapande arbeidet GENERELL KOMPETANSE Studenten • har evne til å bli aktive aktørar og kritiske deltakarar i det offentlege, visuelle rommet • har evne til å grunngje eigne og andre sine visuelle uttrykk ut frå ein fagleg ståstad• har innsikt i og forståing for visuell kommunikasjon i ulike mediekanalar
Studenten: • har kunnskap om visuelle verkemiddel som form, farge, komposisjon og typografi • har kunnskap om digitale designverktøy • har kunnskap om ide- og konseptutvikling • har kunnskap om skissearbeid som del av ein kreativ prosess • har kunnskap om bruk av visuelle verkemiddel i utviklinga av ein visuell identitet • har kunnskap om ulike kommunikasjonsstrategiar • har kjennskap til etiske problemstillingar knytt til ulike kommunikasjonskanalar • har kjennskap til visuell kvalitet knytt til ulike kommunikasjonskanalar• har kunnskap om visuell språkteori
Studenten:
• kan bruke form, farge, komposisjon og typografi i eigne skapande prosessar, og kan reflektere rundt desse i eige og andre sitt arbeid
• kan bruke digitale designverktøy som reiskap i eige arbeid
• kan arbeide i ein prosess frå ide/konsept til ferdig produkt • kan bruke skisser aktivt i ein kreativ prosess • kan bruke teori knytt til visuell identitet og kommunikasjonsstrategiar i eigne skapande prosessar • kan vurdere og reflektere rundt etiske problemstillingar knytt til ulike kommunikasjonskanalar • kan vurdere og reflektere rundt visuell kvalitet knytt til ulike kommunikasjonskanalar • kan sjå samanhengen mellom visuell språkteori og det praktisk skapande arbeidet
Studenten • har evne til å bli aktive aktørar og kritiske deltakarar i det offentlege, visuelle rommet • har evne til å grunngje eigne og andre sine visuelle uttrykk ut frå ein fagleg ståstad• har innsikt i og forståing for visuell kommunikasjon i ulike mediekanalar
Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk arbeid med to- og tredimensjonale kommunikasjonsflater, med utgangspunkt i ulike tema og teknikkar. Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing, individuell oppgåveløysing, gruppearbeid og sjølvstudium. Det vert forventa at studentane i stor grad tek ansvar for eiga læring gjennom studentaktive arbeids- og undervisningsformer. Studenten får uformelle prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar.Material- og verkstadavgift: Studentane betaler ei material- og verkstadavgift på kr 200 til innkjøp av fellesmateriale, samt supplering av utstyr i spesialrom. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr, samt utgifter til fargeprint.Fråvær: Det er obligatorisk frammøte og deltaking i all undervisning, jmf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide på ein slik måte at medstudentar og lærar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.Anna som vedkjem gjennomføringa av emnet: Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap.
Arbeidskrav: Tre praktiske oppgåver med skriftleg refleksjon, lagde fram innan fastsett first.
Frammøtekrav: Obligatorisk frammøte
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | Dag | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |
Ein overordna skriftleg sluttrefleksjon
På eksamensdagen vert ei av dei tre praktiske oppgåvene med refleksjon trekt ut for sensurering, i tillegg til den overordna skriftlege refleksjonen.Studenten skal ha ein individuell karakter på vitnemålet.