Semestre

KOH203 Visuell kommunikasjon II

Emnekode: 
KOH203
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

KOH131 og KOH133, eller KOH111 og KOH113, MID131 og MID115 eller MID131 og MID112. Eller tilsvarande etter særskild søknad.

Om emnet

Visuell kommunikasjon II er eit valfritt emne i studieprogram Bachelor kunst og handverk. Emnet byggjer vidare på det faglege nivået som emnet KOH 131 Visuell kommunikasjon gir, og utviklar djupare innsikt i, og forståing for, visuell kommunikasjon. Det vert lagt vekt på kunnskap om formalestetikk, der form, farge, komposisjon, teikn, typografi og teori knytt til visuell kommunikasjon, er ein viktig del av undervisninga. Gjennom skapande arbeid lærer studenten å bruke det visuelle språket i ulike kommunikasjonsprosessar. Oppgåvene skal gje studentane kunnskap om, og ferdigheiter i, ulike teknikkar og metodar, for å kunne jobbe strategisk med kommunikasjon i ein stadig større mediekvardag.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Kunnskapar

Studenten:

  • har kunnskap om visuelle verkemiddel som form, farge, komposisjon og typografi
  • har kunnskap om ulike reiskapar, materiale og teknikkar i arbeid med visuell kommunikasjon
  • har kunnskap om teikning som visuelt språk
  • har kunnskap om skissearbeid som del av ein kreativ prosess
  • har kunnskap om bruk av visuelle verkemiddel i utviklinga av ein visuell identitet
  • har kunnskap om ide- og konseptutvikling
  • har kjennskap til etiske problemstillingar knytt til ulike kommunikasjonskanalar
  • har kjennskap til visuell kvalitet knytt til ulike kommunikasjonskanalar
  • har kunnskap om visuell språkteori 
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan bruke form, farge, komposisjon og typografi i eigne skapande prosessar, og kan reflektere rundt desse i eige og andre sitt arbeid
  • kan bruke ulike reiskapar, materiale og teknikkar i arbeid med visuell kommunikasjon
  • kan bruke teikning som visuelt språk
  • kan bruke skisser aktivt i ein kreativ prosess
  • kan bruke teori knytt til visuell identitet i eigne skapande prosessar
  • kan arbeide i ein prosess frå ide/konsept til ferdig produkt
  • kan vurdere og reflektere rundt etiske problemstillingar knytt til ulike kommunikasjonskanalar
  • kan vurdere og reflektere rundt visuell kvalitet knytt til ulike kommunikasjonskanalar
  • kan sjå samanhengen mellom visuell språkteori og det praktisk skapande arbeidet 
Generell kompetanse

Studenten

  • har evne til å bli aktive aktørar og kritiske deltakarar i det offentlege, visuelle rommet
  • har evne til å grunngje eigne og andre sine visuelle uttrykk ut frå ein fagleg ståstad
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er hovudsakleg konsentrert om praktisk arbeid, med utgangspunkt i ulike tema, verkty og teknikkar. Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing, individuell oppgåveløysing, gruppearbeid og sjølvstudium. Det vert forventa at studentane i stor grad tek ansvar for eiga læring gjennom studentaktive arbeids- og undervisningsformer. Studenten får uformelle prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar.

Anna som vedkjem gjennomføringa av emnet: Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap.

 

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav: Tre praktiske arbeid, lagde fram innan fastsett first. Ein skriftleg refleksjon på omlag 800 ord.

Frammøte: Det er obligatorisk frammøte og deltaking i all undervisning, jmf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide  på ein slik måte at medstudentar og lærar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Åshild Sævik
Materialavgift

Studentane betaler ei materialavgift på kr 300 til innkjøp av fellesmateriale, samt supplering av utstyr i spesialrom. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt reiskap/utstyr, samt utgifter til fargeprint.

Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Praktiske oppgåver med skriftleg refleksjon, der oppgåveteksten bed om det.
Ein overordna skriftleg sluttrefleksjon på omlag 1000 ord.
Studenten skal ha ein individuell karakter på vitnemålet.
Skriftleg sluttrefleksjon på omlag 1000 ord.