Semestre
KOMPASS Kompetanseutvikling for assistentar i barnehage (KOMPASS)
Ingen
Kompetanseutvikling for assistentar i barnehagen - KOMPASS er eit læringsprogram med vekt på erfaringsbasert læring og arbeidsplassen som læringsarena. Målet er å gi assistentar medvit om eigne ressursar og rolle i barnehagen, og i kominasjon mellom praksis, teori og nyare forsking utvikle sin barnehagefaglege kompetanse. Det er ein føresetnad at deltakande kommunar og barnehagar ønskjer å arbeide med temaet i eigne organisasjonar. Barnehagane og assistentane som deltek på kurset skal i fellesskap arbeide med eigen praksis i barnehagen for å sikre utvikling i barnehagen som organisasjon.
Studiet kan gjennomførast som etterutdanning og utan at ein avlegg eksamen, eller som vidareutdanning og kvalifsering for 15 studiepoeng med skriftleg eksamen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
I arbeidet med studiet skal deltakarane ha kunnskap om:
- aktuelle styringsdokument; inkl.formålsparagraf og rammeplan
- det heilskaplege læringsomgrepet der omsorg og leik, læring og danning inngår
- språkleg og kulturelt mangfald i barnehagen
- dei yngste barna i barnehagen
- leiken sin verdi i barnets liv
- vaksenrolla i barnehagen
- relasjonen mellom barn og vaksen i barnehagen.
I arbeidet med studiet skal deltakarane ha ferdigheiter i:
- kunne delta i lokalt utviklingsarbeid
- kunne bruke pedagogisk dokumentasjon og observasjon som grunnlag for didaktisk tenking og planlegging
- kunne delta i samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar
I arbeidet med studiet skal deltakarane ha generell kompetanse i:
- barnehageassistenten si yrkesrolle
- profesjonalitet og utvikling yrkesetiske problemstillingar
4 obligatoriske samlingar a 2 dagar. På samlingane vil arbeidsmåten variere mellom teoriformidling, drøftingar, øvingar, individuelt og gruppebasert arbeid med praktiske og teoretiske problemområder.
Undervisninga er knytt til erfaringar frå det daglege arbeidet på arbeidsplassen. Studentane vert organisert i lokale nettverksgrupper. Mellom samlingane vil det vere arbeid knytt til obligatorisk arbeidskrav.
Arbeidskrava vil basere seg på studentane si eigen lesing, observasjon, utprøving, praksis i barnehagen, drøfting i nettverksgruppene og rettleiing med rettleiar i barnehagen.
Studentane skal ha ein rettleiar på sin arbeidsplass.
Obligatorisk frammøte til samlingane
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 20 minutt | Stått eller ikkje stått |