Semestre

KUM302 Vitenskapsteori og metode inkl. prosjektomtale/oppgåvedisposisjon

Emnekode: 
KUM302
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Philosophy of Science and Research Methods
Emnenavn på bokmål: 
Vitenskapsteori og metode inkl. prosjektomtale/oppgåvedisposisjon
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Vitskapsteorien er systematiske studiar av kva som kjenneteiknar vitskapleg forsking, aktivitet og kunnskap. Emnet tek utgangspunkt i at kulturmøte er eit fagfelt der ein treng omgrep, teoriar og analytiske reiskapar frå både humaniora og samfunnsvitskapane. Studiet tek derfor opp til drøfting ulike metodar frå både humanistiske og samfunnsvitskaplege forskingstradisjonar. Studentane må lære seg å kombinera metodar frå ulike fagtradisjonar i sitt eige arbeid.

Grunnleggjande omgrep og teoriar

Under dette delemnet skal dei sentrale omgrepa og teoriane på fagfeltet ringast inn. Sjølve kulturomgrepet og fleire andre omgrep er handsama i emnet KUM301 (som vert studert i forkant av eller parallelt med KUM302). Sosial klasse, etnisitet og kjønn er grunnleggjande element i all menneskeleg identitet, også kulturelle identitetar. Perspektiv på sosiale og kulturelle maktstrukturar vert også presenterte. Det vert vidare gjeve innføring i filosofiens hovudspørsmål og i allmennetiske teoriar – det siste som basis for ei kort innføring i forskingsetikk. 

Metodar

I dette delemnet ligg vekta på historiske, religionsvitskaplege, komparative, fortolkande, og samfunnsvitskaplege metodetradisjonar. Både språk, religion og kultur generelt står fram som produserte og ikkje naturgjevne storleikar. I nyare tid, gjennom mesteparten av 1900-talet, har dei strukturalistiske tilnærmingane til språket gjennomsyra humanvitskapen på ei lang rekkje felt. Derfor er det aktuelt å ta opp den såkalla språklege vendinga i humanvitskapen i denne samanhengen.

Prosjektskisse/oppgåvedisposisjon

Prosjektskissa skal innehalde: 

  • ei framstilling og avgrensing av tema/felt for masteroppgåva
  • oversyn over forskinga som er gjort på temaet/feltet
  • formulering av problemstilling og eventuelle arbeidshypotesar, samt drøfting av sentrale metodespørsmål relatert til oppgåva sitt tema
  • planar for framdrift av arbeidet med mastergradsoppgåva, for kjeldeinnsamling eller opphald ved andre institusjonar
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har inngåande kunnskap om

  • kva som kjenneteiknar vitskapleg tenkemåte, forsking og arbeid generelt.
  • ulike grunnleggjande omgrep og teoriar innan historievitskapen, religionsvitskapen og samfunnsvitskapane (for eksempel religion, klasse, kjønn, etnisitet, maktstrukturar).
  • historiske, religionsvitskaplege og samfunnsvitskaplege metodar.
  • den språkvitskaplege vendinga i humaniora og tekstvitskapleg metode.
  • forskingsetiske problem og korleis ulike etiske utfordringar kan handterast. 
Ferdigheiter

Studenten kan

  • tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling.
  • skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gjevne tidsrammer.
  • reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing.
  • vurdere forsking kritisk ved å analysere teoriar, omgrep, modellar og metodar, og gjere bruk av vitskapsteoretisk refleksjon i utarbeiding av eige forskingsprosjekt.
Generell kompetanse

Studenten kan

  • reflektere kritisk over relevant faglitteratur.
  • byggje opp ein skriftleg argumentasjon på ein klar, logisk og forståeleg måte.
  • bruke og vise til kjeldemateriale på ein konsekvent, tydeleg og logisk måte.
  • analysere og kommentere arbeida til medstudentar på ein solidarisk, stringent og konstruktiv måte.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

På emnet vil ein nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning.

Det blir gjeve konsentrert undervisning i to veker om hausten for båe dei obligatorisk emna (KUM301 og KUM302). Til den første av desse, dvs. introduksjonsveka, er frammøtet obligatorisk, til den andre er det frivillig.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

Skrive eit refleksjonsnotat, som skal ha eit omfang på 400-600 ord. Arbeidskravet blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Arne Redse
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Kulturmøte - master
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Digital eksamen. Samla karakter i emnet vert sett på grunnlag av individuell skriftleg eksamen.
Oppgave
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
Ei prosjektskisse/oppgåvesynopsis som vert vurdert til stått/ ikkje stått..
Prosjektskissa skal ha eit omfang på ca. 4000 ord.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 16.04.16