Semestre

KUM304 Al-Andalus - politisk hegemoni og kulturell pluralisme i iberisk mellomalder 711-1501

Emnekode: 
KUM304
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2015 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Al-Andalus - political hegemony and cultural pluralism in the Iberian Middle Ages 711-1501
Emnenavn på bokmål: 
Al-Andalus - politisk hegemoni og kulturell pluralisme i iberisk mellomalder 711-1501
Eksamenssemester: 
2015 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.Emnet kan også veljast av studentar frå andre mastergrader ved HVO, dersom dei har fordjuping i historie eller religion eller tilsvarande bakgrunn innan humanistiske eller samfunnsvitskaplege fag med minimum 80 studiepoeng.

Om emnet

Topografisk og kronologisk er heile den iberiske halvøya innan synsfeltet gjennom 800-årsperioden. Men tyngdepunktet for studiet ligg i det mauriske Spania i tida frå den arabiske invasjonen (711-) til 1200-talet, det vil seia dei sørlege og midtre delane av halvøya under umayyadane, seinare almoravidane og almohadane. Tematisk spenner studiet over politiske, økonomiske og sosiale endringar, med eit tyngdepunkt i historisk-antropologiske/kulturhistoriske perspektiv på utviklingstendensar innan sameksistens/’convivencia’ og økonomisk og kulturell samhandling mellom ulike etniske og religiøse grupper under skiftande regime.

Fagemnet har fem tyngdepunkt

Innleiande oversyn og ‘klassiske’ tekstar

Innleiande oversyn over det muslimske Iberia frå erobringa i 711 og fram til Granadas kapitulasjon og utdrivinga av jødar og muslimar ved hundreårsskiftet 1500. I dette delemnet vil ein òg stifta kjennskap til ’klassiske’ tekstar på området.

  • Innleiiande oversyn over perioden
  • ’Klassiske’ tekstar

Arabisk politisk og kulturelt hegemoni veks og kulminerer 711-ca 1200

I dette delemnet ligg hovudvekta på den arabiske immigrasjonen til den iberiske halvøya 711- ca 1200 og konversjonen til islam i dette området. Tyngdepunktet har dessutan eit feste i den arabiske ’grøne revolusjonen’ i al-Andalus og den innverknaden arabiske bruksmåtar hadde på jordbruket i nord, dvs. i den kristne delen av den iberiske halvøya.

  • Omfanget av den islamske immigrasjonen til Spania og kva grupper dette omfatta, teoriar om den demografiske samansetnaden i denne i perioden
  • Konversjonen til islam – konversjonskurven, variasjonar i overgangen til islam i tid og rom
  • Jordbruksteknologiske innovasjonar (vatningssystem, nye vekstar, husdyrhald, m.m.) som basis for handels-, produksjons- og kulturutvikling

Sosial- og kulturhistoriske perspektiv på al-Andalus 

Etnisitet og religion

I det pluralistiske Iberia i mellomalderen var etnisitet ikkje berre knytt til språk og kultur (skikk/eng. custom), men òg til lov. Det eksisterte forskjellige lover og rettsapparat knytt til dei ulike etniske gruppene. Dette vart praktisert i al-Andalus og seinare vidareført i dei kristne rika etter reconquista.

  • Formelle og reelle rettar og plikter etter islamsk lov (røtt i Koranen og Sunnah) og kristen lov (i førstninga på grunnlag av tradisjonelle iberiske rettar og privileg kalla fueros, og frå 1263 ved lovverket Siete partidas til Alfonso X ’den vise’, konge i Castilla og León)
  • Etnisitetar og tilhøve til både religion, språk og kultur. Mangfaldet var stort – arabarar og berberar, ’innfødde’ iberiarar, jødar og muwalladar (blandings-rase), hegemoniske islamistar (arabarar, berberar), konvertittar ( conversos) og ikkje-konvertittar (jødar og kristne mozárabes, etter reconquista: islamske mudéjares) og dhimmis (’verna’)

’Convivencia’ eller sameksistens

’Convivencia’ har blitt brukt for å karakterisera sameksistensen mellom dei ulike folkegruppene på den iberiske halvøya i mellomalderen. Omgrepet har konnotasjonar til interaksjon og kreativ påverknad, men også til gjensidig friksjon, rivalisering og mistenkeleggjering. Sentralt i denne samanhengen står la frontera, den rørlege og permeable grensa mellom maurisk og kristent territorium – sosial og geografisk mobilitet, diffusjon av kulturimpulsar.

  • Sameksistens og konflikt, assimilasjon, akkulturasjon, segregasjon, etniske kløfter og kulturelle grenser,
  • La frontera – endringar og variasjonar over tid, knytt til utviklinga i al-Andalus med skiftande muslimske regime og endringar som ei følgje av reconquista og etterkvart sterkare kristen påverknad.

Byutvikling i al-Andalus

Kronologisk ligg tyngdepunktet her på taifa-/småkongedøme-perioden (ca 1030- ca 1230): Arkitektur, kunsthandverk, natur- og humanvitskapar – tidleg i Córdoba (og Sevilla), frå midten av 1000-talet i 20-30 framveksande taifa-byar. Dette delemnet har to tyngdepunkt: For det første blir fokus fest på det indre bypreget og –livet ( intra-perspektivet). Det andre, ( inter-) perspektivet blir dei andalusiske byane i økonomisk og kulturell samhandling med Maghreb, det større mellomhavsområdet, Levanten og vidare austover, dvs. byvekst og -utvikling i al-Andalus i ein større kontekst. Her ligg fokus på handelsnettverk knytt til Maghreb og den vidare islamske verda, men òg med handelsrelasjonar til dei (kristne) italienske bystatane og framveksten av al-Andalus som ein viktig eksportør av varer, handelsteknologi og byinstitusjonar til dei kristne kongerika på halvøya, frå midten av 1000-talet til ca. 1300.

  • Córdoba, Sevilla o. a. byar sitt særpreg i arkitektur, infrastruktur, kunsthandverk, m.m.
  • Byinstitusjonane og byane som lærestader for natur- og humanvitskapar
  • Handel og byutvikling, utviklinga av området frå periferi i den islamske verda til sentral og integrert del i handel og handelsruter i mellomhavsområdet

Kongedømet Granada (Nazrid-kongedømet) i seinmellomalderen (til 1492)

Fokus i dette tyngdepunktet ligg på utviklinga i kongedømmet Granada som den einaste attverande islamske staten på den iberiske halvøya. I tida 1326-1492 var nazrid-monarkane vasallar under Castilla-León. Økonomisk var Granada avhengig av handel med Maghreb og andre middelhavsområde. Men i breidda var nazrid-kongedømet ikkje ein del av hovudstraumdraga i islamsk kultur i samtida. Folketalet auka – i første rekke grunna immigrantar frå dei kristne kongerika, men òg som ei følgje av berbisk muslimske immigrasjon frå Maghreb. Gjennom 250 år til 1492 var tilhøvet mellom dei kristne erobrarane og nazrid-kongedømet Granada spent. Til dette kom dei indre spenningane i ei heterogen og uharmonisk befolkning.

Tre tyngdepunkt:

  • økonomisk utvikling i kongedømet Granada
  • tilhøvet til Castilla-León og gjenoppståinga av jihad, no som politisk-ideologisk motsvar andsynes det hegemoniske kristne riket
  • profileringa av seinmellomalder-Granada i spansk historisk minne, dvs. resepsjonen av ’Granada’ i ny tid
Læringsutbytte

KJem.

Kunnskapar

Det er eit mål at studenten har

  • avansert oversynskunnskap om politisk og økonomisk utvikling på den iberiske halvøya gjennom 800 år (til ca 1500)
  • avansert kunnskap om etnisitet og religion og sameksistensen mellom ulike etniske og religiøse grupper i dette området gjennom perioden
  • avansert kunnskap om ’fronteras’ – skiftande grensesoner mellom maurisk og kristent territorium gjennom perioden
  • avansert kunnskap om kongedømet Granada og relasjonar mellom nazrid-kongedømet her og det kristne nord-Spania frå midten av 1200-talet til 1492 
Ferdigheiter

Det er eit mål at studenten har

  • føresetnader for å skrive ein sjølvstendig, kildekritisk oppgåve basert på ei gitt problemstilling.
  • evne til å vurdera og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært innafor regionen.
Generell kompetanse

Ingen.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

På emnet vil ein nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studentane sitt sjølvsendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurdering i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

  • Skriva ei prosessoppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang av ca 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
  • Skriva kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
  • Skriva eit refleksjonsnotat som skal ha eit omfang av 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.

Alle arbeidskrava må leverast til evaluering same semester som arbeidet er utført.Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire av arbeidskrava, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester.

Prosessoppgåva (sjå 1. punkt over) skal bearbeidast til eksamensoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Sjå under Vurdering og eksamen. Eksamensoppgåva skal ha same omfang som prosessoppgåva.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Det blir gitt ein førebels karakter på prosessoppgåva.
Ca 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift