Semestre
KUM307 Skule, religionsmangfald og sekularisering
Ingen.
I dette emnet jobbar vi med spørsmål knytt til religion, skule og sekularisering. Gjennom å sjå på religionsfaget si historie i Noreg, drøftar vi religionen sin plass i skulen både i eit norsk og europeisk perspektiv. Vi undersøker sekulariseringsprosessar i Vesten historisk og kva sekularisering inneber i dag. Vidare tek vi opp didaktiske tilnærmingar til livssynsmangfaldet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- avansert kunnskap om den idéhistoriske bakgrunnen for sekulariseringa av samfunnet og skulen
- spesialisert innsikt i tilhøvet mellom religion og skule i Noreg og Europa
Studenten skal kunne
- analysere kritisk diskursar om religion og skule
- analysere kritisk teoriar om sekularisering og religiøs pluralitet
Studenten skal kunne
- analysere fag- og yrkesetiske problemstillingar knytte til religion og pluralitet i skulen
- drøfte og formidle faglege problemstillingar knytte til skule, religion, sekularitet og pluralitet
I emnet vil ein nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving.
Seminar og føreleseingar vert hybrid der det er høve til å følge undervisinga enten fysisk eller digitalt
Undervisninga er lagt til ein vekesamling:
- Samling 1: Veke 8
Følgjande sjølvstendige og individuelle arbeidskrav skal gjennomførast:
Frammøtekrav:
- Ingen
Arbeidskrav:
- Skrive ei prosessoppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve som arbeidskrav, skal ha eit omfang av omlag 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
- Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
- Presentasjon av tekstutdrag frå pensum
Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får "ikkje godkjent" på eitt eller fleire av arbeidskrava, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester.
Prosessoppgåva (sjå 1. punkt over) skal bearbeidast til eksamensoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Den skal leverast som eksamensoppgåve, i same semester som arbeidet er utført. Sjå under "Vurderingsformer". Eksamensoppgåva skal ha same omfang som prosessoppgåva.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Kulturmøte - master
- Kulturmøte - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Det blir gitt ein førebels karakter på oppgåva. | Ei eksamensoppgåve skal ha eit omfang av ca 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift. | ||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 1 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren. |