Semestre

KUM307 Sekularitet og skule i møte med religiøs pluralitet

Emnekode: 
KUM307
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2018 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Secularity and school facing religious plurality
Emnenavn på bokmål: 
Skole, religionsmangfold og sekularisering
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen for studentar på mastergraden i Kulturmøte.Studentar frå andre mastergrader ved HVO, kan søkje om opptak dersom dei har fordjuping i historie eller religion eller tilsvarande bakgrunn innan humanistiske eller samfunnsvitskaplege fag med minimum 80 studiepoeng, derav 20 stp fordjuping i det same faget.

Om emnet

Emnet tek for seg tre tema:

  1. Religion og skule i norsk og europeisk perspektiv: norsk skulehistorie, religionsfagets historie; religion og skule i Europa
  2. Sekularitet og pluralitet: innføring i sekulariseringsprosessar i Vesten og kva dette inneber i dag. I kva grad er det rom for ulike religiøse tradisjonar i det offentlege?
  3. Didaktiske perspektiv på det plurale klasseromet

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

 

Kunnskapar

Studenten har

  • avansert kunnskap om den idéhistoriske bakgrunnen for sekulariseringa av samfunnet og skulen
  • spesialisert innsikt i tilhøvet mellom religion og skule i Noreg og Europa

 

 

Ferdigheiter

Studenten kan

  • analysere kritisk diskursar om religion og skule
  • analysere kritisk teoriar om sekularisering og religiøs pluralitet 

 

Generell kompetanse

Studenten kan

  • analysere fag- og yrkesetiske problemstillingar knytte til religion og pluralitet i skulen
  • drøfte og formidle faglege problemstillingar knytte til skule, religion, sekularitet og pluralitet, både med spesialister og til ålmenta
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

I emnet vil ein nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Følgjande sjølvstendige og individuelle arbeidskrav skal gjennomførast:

Frammøtekrav:

  • Delta på ein obligatorisk seminardag og leggje fram eit emne frå pensumlitteraturen

Arbeidskrav:

  • Skrive ei prosessoppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang av ca 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
  • Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
  • Skrive eit refleksjonsnotat som skal ha eit omfang av 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
  • Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får "ikkje godkjent" på eitt eller fleire av arbeidskrava, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester.

    Prosessoppgåva (sjå 1. punkt over) skal bearbeidast til eksamensoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Den skal leverast som eksamensoppgåve, i same semester som arbeidet er utført. Sjå under "Vurderingsformer". Eksamensoppgåva skal ha same omfang som prosessoppgåva.

     

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Kulturmøte - master
  • Kulturmøte - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Munnleg justerande eksamen
Individuell
1 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 24.02.17