Semestre
KUM307 Skule, religionsmangfald og sekularisering
Ingen.
Emnet tek for seg tre tema:
- Religion og skule i norsk og europeisk perspektiv: norsk skulehistorie, religionsfagets historie; religion og skule i Europa
- Sekularitet og pluralitet: innføring i sekulariseringsprosessar i Vesten og kva dette inneber i dag. I kva grad er det rom for ulike religiøse tradisjonar i det offentlege?
- Didaktiske perspektiv på det plurale klasseromet
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- avansert kunnskap om den idéhistoriske bakgrunnen for sekulariseringa av samfunnet og skulen
- spesialisert innsikt i tilhøvet mellom religion og skule i Noreg og Europa
Studenten skal kunne
- analysere kritisk diskursar om religion og skule
- analysere kritisk teoriar om sekularisering og religiøs pluralitet
Studenten skal kunne
- analysere fag- og yrkesetiske problemstillingar knytte til religion og pluralitet i skulen
- drøfte og formidle faglege problemstillingar knytte til skule, religion, sekularitet og pluralitet
I emnet vil ein nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving.
Følgjande sjølvstendige og individuelle arbeidskrav skal gjennomførast:
Frammøtekrav:
- Delta på ein obligatorisk seminardag og leggje fram eit emne frå pensumlitteraturen
Arbeidskrav:
- Skrive ei prosessoppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve som arbeidskrav, skal ha eit omfang av omlag 3000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
- Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får "ikkje godkjent" på eitt eller fleire av arbeidskrava, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester.
Prosessoppgåva (sjå 1. punkt over) skal bearbeidast til eksamensoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Den skal leverast som eksamensoppgåve, i same semester som arbeidet er utført. Sjå under "Vurderingsformer". Eksamensoppgåva skal ha same omfang som prosessoppgåva.
- Kulturmøte - master
- Kulturmøte - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ei eksamensoppgåve skal ha eit omfang av ca 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift. |