Semestre

KUM308 Migrasjon, kjønn og religion

Emnekode: 
KUM308
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Migration, gender and religion
Emnenavn på bokmål: 
Migrasjon, kjønn og religion
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Menneske har alltid vore på flyttefot, av tvang, av naud eller av fri vilje, på leiting etter mat, tryggleik eller arbeid. Migrasjon er knytt til oppbrot, men fører òg til nye møte mellom menneske og kulturar. I dette emnet studerer vi migrasjon over landegrenser i historie og samtid.
Kjønn og religion er to faktorar som kan ha mykje å seie i migrasjonssituasjonen. Grunnane til og vilkåra for migrasjon kan vere ulike for kvinner og menn. Religion kan vere ei hjelp, men òg ei hindring i dei kulturmøta som oppstår.
Emnet har tre delemne:

  1. Migrasjon som forskingsfelt. Nyare europeisk arbeidsmigrasjon
    Delemnet gir ei innføring i migrasjonsforsking som tverrfagleg forskingsfelt og døme på teoretiske og metodiske innfallsvinklar, med særleg vekt på kva rolle kjønn og religion kan spele i migrasjonssituasjonen. Omgrep som «integrering» og «transnasjonalitet» vil bli belyst ved hjelp av kasus frå forsking på nyare europeisk arbeidsmigrasjon.

  2. Norsk migrasjon til Nord-Amerika 1860-1940
    Delemnet drøfter norsk migrasjon til Nord-Amerika og vil ha fokus på kjønn, religion og arbeid i spesifikke norsk-amerikanske immigrasjonssamfunn. Omgrep som «komplementær identitet», «hybride immigrantkulturar», «integrering» og «transnajonale nettverk» vil bli diskutert i forhold til empirisk materiale.

  3. Tvungen migrasjon. Flyktningar i Europa og Midt-Austen
    Delemnet tar opp dei store flyktningkrisene etter dei to verdskrigane i Europa og set fokus på armenske, palestinske og syriske flyktningar i Midt-Austen. Ein ser på framveksten av eit internasjonalt humanitært regime frå om lag 1900 til i dag og drøftar kva rolle terminologi, definisjonar og internasjonale avtaler speler for rettstilstanden til tvungne migrantar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • har inngåande kunnskap om teoriar og metodar innan historisk og samfunnsvitskapleg migrasjonsforsking

  • har avansert kunnskap om kva kjønn og religion kan ha å seie i migrasjonssituasjonen

  • har spesialisert innsikt i utvalde døme på ulike typar migrasjon i historie og samtid

Ferdigheiter
  • kan vurdere kritisk eksisterande teoriar og empiriske arbeid innan migrasjonsforsking

  • kan nytte relevante teoriar, metodar og kjelder til eige fagleg arbeid på feltet

Generell kompetanse
  • kan analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar

  • kan nytte kunnskapane og ferdigheitene i avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt knytt til migrasjonsforsking eller praktisk arbeid retta mot migrantar

  • kan kommunisere om eige og andre sitt arbeid på fagområdet i undervisning og formidling

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

På emnet vil ein nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Følgjande sjølvstendige og individuelle arbeidskrav skal gjennomførast:

Frammøtekrav:

  • Delta på ein obligatorisk seminardag og leggje fram eit emne frå pensumlitteraturen

Arbeidskrav:

  • Skrive ei prosessoppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang av ca 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.

  • Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.

  • Skrive eit refleksjonsnotat som skal ha eit omfang av 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.

Alle arbeidskrava må leverast til evaluering same semester som arbeidet er utført.

Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får "ikkje godkjent" på eitt eller fleire av arbeidskrava, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester.

Prosessoppgåva (sjå 1. punkt over) skal bearbeidast til eksamensoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Sjå under "Vurdering og eksamen". Eksamensoppgåva skal ha same omfang som prosessoppgåva.

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Inger Marie Okkenhaug
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Kulturmøte - master
  • Kulturmøte - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Det blir gitt ein førebels karakter på oppgåva.
Ca 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift
Munnleg justerande eksamen
Individuell
1 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren.
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 13.10.16