Semestre
KUM308 Migrasjon, kjønn og religion
Ingen krav til forkunnskapar for studentar på mastergraden i Kulturmøte.Studentar frå andre mastergrader ved HVO, kan søkje om opptak dersom dei har fordjuping i historie eller religion eller tilsvarande bakgrunn innan humanistiske eller samfunnsvitskaplege fag med minimum 80 studiepoeng, derav 20 studipoeng fordjuping i det same faget.
Menneske har alltid vore på flyttefot, av tvang, av naud eller av fri vilje, på leiting etter mat, tryggleik eller arbeid. Migrasjon er knytt til oppbrot, men fører òg til nye møte mellom menneske og kulturar. I dette emnet studerer vi migrasjon over landegrenser i historie og samtid.
Kjønn og religion er to faktorar som kan ha mykje å seie i migrasjonssituasjonen. Grunnane til og vilkåra for migrasjon kan vere ulike for kvinner og menn. Religion kan vere ei hjelp, men òg ei hindring i dei kulturmøta som oppstår.
Emnet har tre delemne:
Migrasjon som forskingsfelt. Nyare europeisk arbeidsmigrasjon
Delemnet gir ei innføring i migrasjonsforsking som tverrfagleg forskingsfelt og døme på teoretiske og metodiske innfallsvinklar, med særleg vekt på kva rolle kjønn og religion kan spele i migrasjonssituasjonen. Omgrep som «integrering» og «transnasjonalitet» vil bli belyst ved hjelp av kasus frå forsking på nyare europeisk arbeidsmigrasjon.Norsk migrasjon til Nord-Amerika 1860-1940
Delemnet drøfter norsk migrasjon til Nord-Amerika og vil ha fokus på kjønn, religion og arbeid i spesifikke norsk-amerikanske immigrasjonssamfunn. Omgrep som «komplementær identitet», «hybride immigrantkulturar», «integrering» og «transnajonale nettverk» vil bli diskutert i lys av empirisk materiale.Tvungen migrasjon. Flyktningar i Europa og Midt-Austen
Delemnet tar opp dei store flyktningkrisene etter dei to verdskrigane i Europa og set fokus på armenske, palestinske og syriske flyktningar i Midt-Austen. Ein ser på framveksten av eit internasjonalt humanitært regime frå om lag 1900 til i dag, og drøftar kva rolle terminologi, definisjonar og internasjonale avtalar speler for rettstilstanden til tvungne migrantar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
inngåande kunnskap om teoriar og metodar innan historisk og samfunnsvitskapleg migrasjonsforsking
avansert kunnskap om kva kjønn og religion kan ha å seie i migrasjonssituasjonen
spesialisert innsikt i utvalde døme på ulike typar migrasjon i historie og samtid
Studenten skal kunne
vurdere kritisk eksisterande teoriar og empiriske arbeid innan migrasjonsforsking
nytte relevante teoriar, metodar og kjelder til eige fagleg arbeid på feltet
Studenten skal kunne
analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar
nytte kunnskapane og ferdigheitene i avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt knytt til migrasjonsforsking eller praktisk arbeid retta mot migrantar
kommunisere om eige og andre sitt arbeid på fagområdet i undervisning og formidling
På emnet vert det nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving.
Følgjande sjølvstendige og individuelle arbeidskrav skal gjennomførast:
Frammøtekrav:
Ingen.
Arbeidskrav:
Skrive ei prosessoppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve som arbeidskrav, skal ha eit omfang av ca 3000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
Presentasjon av tekstutdrag frå pensum.
Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får "ikkje godkjent" på eitt eller fleire av arbeidskrava, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester.
Prosessoppgåva (sjå 1. punkt over) skal bearbeidast til eksamensoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Den skal leverast som eksamensoppgåve, i same semester som arbeidet er utført. Sjå under "Vurderinger". Eksamensoppgåva skal ha same omfang som prosessoppgåva.
- Helse- og sosialfag - master
- Helse- og sosialfag - master (deltid)
- Kulturmøte - master
- Kulturmøte - master (deltid)
- Samfunnsplanlegging og leiing - master
- Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Det blir gitt ein førebels karakter på oppgåva. | Ca 4000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift | ||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 1 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren. | Ingen |