Semestre
KUM309 Mikrohistorie
Ingen.
Emnet utforskar moglegheiter og avgrensingar som ligg i det internasjonale fagfeltet mikrohistorie, med vekt på korleis det kan brukast i analysar av kulturmøte. Emnet er todelt, der ein pensumdel tek for seg metodar og teoriar innan feltet, og ein oppgåvedel gjev høve til å prøve desse i praksis.
Pensumdelen av emnet er òg todelt, der den første delen er ein historiografisk, teoretisk og metodisk gjennomgang. Den andre delen inneheld ein del meir eller mindre anerkjente mikrohistoriske framstillingar, som studentane skal drøfte opp mot varierande definisjonar av feltet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha:
- inngåande kunnskap om teoriar og metodar innan mikrohistoriefeltet, og skal kunne bruke kunnskapen på nye område innafor feltet
- avansert kunnskap om korleis særskilte tema kan behandlast mikrohistorisk
- spesialisert innsikt i utvalde døme på mikrohistoriske tilnærmingar, med vekt på kulturmøte
Studenten skal kunne:
- vurdere kritisk eksisterande teoriar og mikrohistoriske framstillingar av empirisk karakter
- analysere mikrohistoriske problemstillingar og nytte relevante teoriar, metodar og kjelder til sjølvstendig fagleg arbeid innafor feltet
Studenten skal kunne:
- analysere og ta konsekvensane av forskingsetiske problemstillingar knytt til mikrohistoriefeltet
- utvikle eigne mikrohistoriske problemstillingar og vurdere andre sine på ein reflektert måte
- kommunisere om eige og andre sitt arbeid på fagområdet i undervisning og formidling
På emnet vil ein nytte varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, delvis med nettstøtte, i tillegg til prosessorientert skriving.
Arbeidskrav:
- Leggje fram eit tekstudrag frå pensumlitteraturen.
- Skrive ei oppgåve med sjølvvald tema og problemstilling i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Oppgåva skal ha eit omfang av ca. 3000-5500 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
- Skrive kortare kommentarar (responsar) til sjølvalde oppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 400–600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
- Evaluere eit utval tekster innan mikrohistoriefeltet og presentere desse i digital form.
Nærare instruks for arbeidskrava blir presenterte i eige skriv frå instituttet ved semesterstart. Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire av arbeidskrava, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester.
Den sjølvvalde oppgåva (sjå det andre punktet over) skal bearbeidast til eksamensoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Den skal leverast som eksamensoppgåve, i same semester som arbeidet er utført. Endeleg eksamensoppgåve skal ha eit omfang av ca. 3000-5500 ord, sjå under «Vurderingsform».
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Kulturmøte - master
- Kulturmøte - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | Alle | Ca. 3000-5500 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift | |
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Alle |