Semestre

KUM309 Mikrohistorie

Emnekode: 
KUM309
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2018 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Microhistory
Emnenavn på bokmål: 
Mikrohistorie
Eksamenssemester: 
2018 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet utforskar mulegheiter og avgrensingar som ligg i det internasjonale fagfeltet mikrohistorie, med vekt på korleis det kan brukast i analysar av kulturmøte. Emnet er todelt, der ein pensumdel tek for seg metodar og teoriar innan feltet og ein oppgåvedel gjev høve til å prøve desse i praksis.

Pensumdelen av emnet er òg todelt, der den første delen er ein historiografisk gjennomgang. I den andre delen blir varierande definisjonar av feltet drøfta opp mot ein del meir eller mindre anerkjente mikrohistoriske framstillingar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha:

  • inngåande kunnskap om teoriar og metodar innan mikrohistoriefeltet, og skal kunne bruke kunnskapen på nye område innafor feltet
  • avansert kunnskap om korleis særskilte tema kan behandlast mikrohistorisk
  • spesialisert innsikt i utvalde døme på mikrohistoriske tilnærmingar, med vekt på kulturmøte
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • vurdere kritisk eksisterande teoriar og empiriske mikrohistoriske framstillingar
  • analysere mikrohistoriske problemstillingar og nytte relevante teoriar, metodar og kjelder til sjølvstendig fagleg arbeid innan feltet
Generell kompetanse

Studenten skal kunne:

  • analysere og ta konsekvensane av forskingsetiske problemstillingar knytt til mikrohistoriefeltet
  • utvikle eigne mikrohistoriske problemstillingar og vurdere andre sine på ein reflektert måte
  • kommunisere om eige og andre sitt arbeid på fagområdet i undervisning og formidling
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

På emnet vil ein nytte varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, delvis med nettstøtte, i tillegg til prosessorientert skriving.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Delta på ein obligatorisk seminardag og leggje fram eit emne frå pensumlitteraturen.

Arbeidskrav:

  • Skrive ei oppgåve med sjølvvald tema og problemstilling i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Oppgåva skal ha eit omfang av ca. 3000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
  • Skrive kortare kommentarar (responsar) til sjølvalde oppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 400–600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
  • Evaluere eit utval tekster innan mikrohistoriefeltet og presentere desse i digital form.

Nærare instruks for arbeidskrava blir presenterte i eige skriv frå instituttet ved semesterstart. Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire av arbeidskrava, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester.

Den sjølvvalde oppgåva (sjå det første punktet over) skal bearbeidast til eksamensoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Den skal leverast som eksamensoppgåve, i same semester som arbeidet er utført. Sjå under «Vurderingsform». Eksamensoppgåva skal ha same omfang som den sjølvvalde oppgåva.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. 

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Arnfinn Kjelland
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Kulturmøte - master
  • Kulturmøte - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Alle
Ca. 3000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift
Heimeeksamen
Individuell
2 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Alle
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 07.03.18