Semestre
MAK102 Matkultur 2
Ingen.
Emnet er det andre av to i studieprogrammet Matkultur, og bygg på emnet Matkultur 1.
Gjennom emnet skal studentane tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter om ulike matkulturar, og om mat og religion. Studentane vil møte fagområdet gjennom både teoretiske og praktiske tilnærmingar.
Det vert lagt vekt på praktisk matlaging, måltidspraksisar og naturen som kjelde til mat og ramme for matlaging. Studiearbeidet vert dokumentert gjennom mappeinnleveringar og eit fordjupingsarbeid i eit sjølvvald matkulturelt tema.
Emnet er bygt opp kring fem samlingar per semester og følger maten og matkulturen gjennom årstidene og høgtider.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal:
- ha kunnskap om ulike metodar for konservering og laging av mjølk og mjølkeprodukt
- ha kunnskap om norsk fiskerihistorie og ulike konserveringsmetodar for fisk
- ha kunnskap om samanheng mellom mat og religion
- ha kjennskap til entreprenørskap med mat og matkultur som ramme
- kunne samanlikne og drøfte matkultur frå ulike land og kulturar
- gjere greie for naturen som spiskammers og førhistoriske matlagingsmetodar
Studenten skal:
- kunne lage ulike tradisjonelle matvarer og rettar av mjølk og fisk
- kunne gjennomføre eit jødisk påskemåltid med tilhøyrande matrettar og måltidsrituale
- kunne bruke kunnskap om matkultur frå andre land i matkulturelle aktivitetar
- kunne nytte naturen som spiskammers og lage mat med metodar frå førhistorisk tid
- kunne dokumentere praktisk arbeid og knyte dette til fagkunnskap
- kunne planlegge, utforme og utvikle ei semesteroppgåve over sjølvvald tema kring eit matkulturelt tema
Studenten skal:
- kunne samarbeide med andre om praktiske matkulturelle aktivitetar
- velje, reflektere over og vurdere kjelder rundt ulike matkulturelle tema
- nytte ulike metodar for å samle inn relevant informasjon for fordjuping i eit vald fagleg tema
Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing, praktisk arbeid i grupper, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Studentar får prosessrettleiing i arbeidsøktene og i arbeidet med arbeidskrav.
Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697/§ 4-6). Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysing slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane.
- Studentane skal levere fem mappeelement knytt til tema frå samlingar og pensumlitteraturen. Omfang 1000-2000 ord per innlevering.
- Studentane skal over fire steg levere tekstutkast i arbeidet med ei semesteroppgåve. Samla omfang av endeleg semesteroppgåve er 3500-6000 ord.
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjort i semesterplanen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Studentane betaler ei materialavgift på kr. 500,-
- Matkultur - vidareutdanning
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | 3500 - 6000 ord. |