Semesters

MAK102 Matkultur 2

Course code: 
MAK102
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2023 Spring
Assessment semester: 
2023 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet er det andre av to i studieprogrammet Matkultur, og bygg på emnet Matkultur 1.

Gjennom emnet skal studentane tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter om ulike matkulturar, og om mat og religion. Studentane vil møte fagområdet gjennom både teoretiske og praktiske tilnærmingar.

Det vert lagt vekt på praktisk matlaging, måltidspraksisar og naturen som kjelde til mat og ramme for matlaging. Studiearbeidet vert dokumentert gjennom mappeinnleveringar og eit fordjupingsarbeid i eit sjølvvald matkulturelt tema.

Emnet er bygt opp kring fem samlingar per semester og følger maten og matkulturen gjennom årstidene og høgtider.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal:

  • ha kunnskap om ulike metodar for konservering og laging av mjølk og mjølkeprodukt
  • ha kunnskap om norsk fiskerihistorie og ulike konserveringsmetodar for fisk
  • ha kunnskap om samanheng mellom mat og religion
  • ha kjennskap til entreprenørskap med mat og matkultur som ramme
  • kunne samanlikne og drøfte matkultur frå ulike land og kulturar
  • gjere greie for naturen som spiskammers og førhistoriske matlagingsmetodar
Learning outcome skills

Studenten skal:

  • kunne lage ulike tradisjonelle matvarer og rettar av mjølk og fisk
  • kunne gjennomføre eit jødisk påskemåltid med tilhøyrande matrettar og måltidsrituale
  • kunne bruke kunnskap om matkultur frå andre land i matkulturelle aktivitetar
  • kunne nytte naturen som spiskammers og lage mat med metodar frå førhistorisk tid
  • kunne dokumentere praktisk arbeid og knyte dette til fagkunnskap
  • kunne planlegge, utforme og utvikle ei semesteroppgåve over sjølvvald tema kring eit matkulturelt tema
Learning outcome qualification

Studenten skal:

  • kunne samarbeide med andre om praktiske matkulturelle aktivitetar
  • velje, reflektere over og vurdere kjelder rundt ulike matkulturelle tema
  • nytte ulike metodar for å samle inn relevant informasjon for fordjuping i eit vald fagleg tema
Working and learning activities

Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing, praktisk arbeid i grupper, individuell oppgåveløysing og sjølvstudium. Studentar får prosessrettleiing i arbeidsøktene og i arbeidet med arbeidskrav.

Assessment requirements

Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697/§ 4-6). Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide med oppgåveløysing slik at lærar og medstudentar kan få innsyn i læringsprosessane.

  • Studentane skal levere fem mappeelement knytt til tema frå samlingar og pensumlitteraturen. Omfang 1000-2000 ord per innlevering.
  • Studentane skal over fire steg levere tekstutkast i arbeidet med ei semesteroppgåve. Samla omfang av endeleg semesteroppgåve er 3500-6000 ord.

Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjort i semesterplanen.

Evaluation system
Minimum number of students: 
10
Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Kari Ryslett
Erik Fooladi
Expenses

Studentane betaler ei materialavgift på kr. 500,-

Used in other programs
  • Food Culture
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
3500 - 6000 ord.
Approval signature: 
Arne Myklebust