Semestre

MAT128-AVG Matematisk utforsking, argumentasjon og bevis (5-10)

Emnekode: 
MAT128-AVG
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet er andre del av vidareutdanningsstudiet Matematikk 2 (5–10).

Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt faglege grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.–10. årssteg. Emnet skal gi studentane auka kompetanse til å  undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som dei vert sette i stand til å vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtidas skule.

Innhaldet er ei fordjuping i utvalde tema frå Matematikk 1.

Tema i emnet er mellom anna matematiske bevis, argumentasjon, utforsking i matematikk, matematisk teoridanning med døme henta frå mellom anna geometri, talteori og  matematisk analyse.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten

  • har undervisningskunnskap knytt til ulike matematiske bevis- og argumentasjonsformer, og erfaring med matematiske teoribygningar, til dømes anna innan geometri,
    trigonometri, algebra, talteori og matematisk analyse
  • har kunnskap i matematisk analyse og talteori, og kan relatere disse omgrepa til det matematikkfaglige innhaldet i trinn 5-10
  • har kunnskap om den matematiske oppdagingsprosessen, og om korleis ein kan legge til rette slik at elever kan ta del i denne.
Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke matematikkunnskapane sine til å sjå samanhengar i den matematikken som dei skal undervise i skulen
  • kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
  • kan bruke varierte undervisningsformer forankra i teori og eigen erfaring, herunder val, vurdering og utforming av oppgåver og aktivitetar.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar
  • viser evne til refleksjon og kritisk tenking 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda. Nettundervisninga vert gitt i Canvas og Adobe Connect (undervisning i sanntid). Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.

Arbeidsformene er prega av studentaktive læringsformer med eit stort innslag av utforsking og problemløysing, støtta av oppgåveløysing og drøfting, førelesing og sjølvstudium. Det er ein føresetnad at studentane tek aktivt del i undervisninga både på samlingane og på nettet. Tid for nettundervisninga vert gitt i semesterplanen.

Dei to obligatoriske samlingane i Volda er på 2 dagar kvar. Tid for samlingane (ei i starten av semesteret og ei om lag midt i semesteret) vert gitt i semesterplanen.  Emnet har ei studieavgift på kr 4000,-.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til begge dei to samlingane i Volda.

Arbeidskrav:

Studentane skal gjennomføre ein obligatorisk kartleggingsprøve og leverer tre innleveringsoppgåver. Arbeidskrava vert presisert og tidfesta i semesterplanen. Pedagogisk bruk av digitale verkty og utprøving av ny fagleg og fagdidaktisk kunnskap vil inngå i ei eller fleire av oppgåvene. Studentane har to forsøk på å få godkjent kvart av dei tre innleveringsoppgåvane.

 

Sensorordning
Minimumstal: 
1
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Eivind Patrick Hanevik
Studieavgift

Kr 4000,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Matematikk 2, 5.-10. - vidareutdanning (nett- og samlingsbasert)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Kalkulator og to handskrivne A4-sider med eigne notat.
Godkjent av: 
OHMT