Semestre
MAT128-AVG Matematisk utforsking, argumentasjon og bevis (5-10)
Ingen.
Emnet er andre del av vidareutdanningsstudiet Matematikk 2 (5–10).
Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt faglege grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.–10. årssteg. Emnet skal gi studentane auka kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som dei vert sette i stand til å vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtidas skule.
Innhaldet er ei fordjuping i utvalde tema frå Matematikk 1.
Tema i emnet er mellom anna matematiske bevis, argumentasjon, utforsking i matematikk, matematisk teoridanning med døme henta frå mellom anna geometri, talteori og matematisk analyse.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har undervisningskunnskap knytt til ulike matematiske bevis- og argumentasjonsformer, og erfaring med matematiske teoribygningar, til dømes anna innan geometri,
trigonometri, algebra, talteori og matematisk analyse - har kunnskap i matematisk analyse og talteori, og kan relatere disse omgrepa til det matematikkfaglige innhaldet i trinn 5-10
- har kunnskap om den matematiske oppdagingsprosessen, og om korleis ein kan legge til rette slik at elever kan ta del i denne.
Studenten
- kan bruke matematikkunnskapane sine til å sjå samanhengar i den matematikken som dei skal undervise i skulen
- kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
- kan bruke varierte undervisningsformer forankra i teori og eigen erfaring, herunder val, vurdering og utforming av oppgåver og aktivitetar.
Studenten
- kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar
- viser evne til refleksjon og kritisk tenking
Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda. Nettleksjonar vert lagt ut i Canvas, og ei digital plattform vert nytta til eventuelle møte med studentane utanom samlingane. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.
Arbeidsformene er prega av studentaktive læringsformer med eit stort innslag av utforsking og problemløysing, støtta av oppgåveløysing og drøfting, førelesing og sjølvstudium.
Dei to obligatoriske samlingane i Volda er på 2 dagar kvar. Tid for samlingane (ei i starten av semesteret og ei om lag midt i semesteret) vert gitt i semesterplanen.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til begge dei to samlingane i Volda.
Arbeidskrav:
Studentane skal gjennomføre og levere tre innleveringsoppgåver. Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen. Pedagogisk bruk av digitale verkty og utprøving av ny fagleg og fagdidaktisk kunnskap vil inngå i ei eller fleire av oppgåvene. Studentane har to forsøk på å få godkjent kvar av dei tre innleveringsoppgåvene.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Emnet har ei studieavgift på kr. 4000,-.
- Matematikk 2, 5.-10. - vidareutdanning (nett- og samlingsbasert)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 7 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | 1 pdf fil | Alle. |