Semestre
MAT140-AVG Digitale verktøy i matematikkundervisninga
Ingen.
Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å bruke digitale verktøy i matematikkundervisinga. Emnet gjev studentane kompetanse i kritisk refleksjon over korleis, kvifor og når bruke ulike digitale verktøy i undervisninga. I emnet vil studentane også utvikle kompetanse i å reflektere rundt endringar i matematikkfaget som konsekvens av digital utvikling, og kva kompetanse ein matematikklærar treng i dag og i framtida. Emnet vil innehalde tre om lag like store delar:
- GeoGebra. Innføring i dataprogrammet GeoGebra og korleis dette kan brukast i skulen på ulike nivå. Didaktisk bruk av programmet knytt opp mot kompetansemåla i LK06 og eksamen i tiande klasse.
- Rekneark. Innføring i rekneark og korleis dette kan brukast i skulen på ulike nivå. Didaktisk bruk av programmet knytt opp mot kompetansemåla i LK06 og eksamen i tiande klasse.
- Andre digitale ressursar i matematikk. Der er ei aukande mengd av tilgjengelege digitale ressursar, nettsider, nettbrett, appar, interaktive tavler, digitale spel med meir. I emnet tek vi opp didaktisk bruk av slike ressursar. Her er programmering og algoritmisk tenking ein del av emnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har brei kunnskap om pedagogisk bruk av digitale verktøy i matematikkundervisninga som fremjar læring
- har undervisningskunnskap om, og i bruk av GeoGebra og rekneark i matematikkopplæringa i grunnskulen
- har kjennskap til og undervisingskompetanse i digitale ressursar som kan fremje læring i matematikk, og kan vurdere desse mot kvarandre
- har kjennskap til og undervisningskompetanse i algoritmisk tenking og programmering i matematikkopplæringa i grunnskulen
Studenten
- kan anvende spesialkunnskap i bruk av eit utvalt digitalt verktøy i matematikkundervisninga
- kan bidra i lokalt læreplanarbeid med integrering av digitale ressursar i undervisninga
- kan bruke digitale verktøy som reiskap for å tilrettelegge undervisninga
- kan ta i bruk digitale verktøy ved vurdering av elevane sitt læringsutbytte
- kan bruke programmering som prosess i matematikkundervisninga
Studenten skal
- kunne delta og bidra i lokalt utviklingsarbeid knytt til digital matematikkundervisning og utvikle matematikklæraren sin praksis i bruk av digitale verktøy i undervisinga
- utvikle haldningar til, forståing for og refleksjon over bruken av digitale verktøy i matematikk
- utvikle forståing for algoritmisk tenking og programmering i matematikk
Emnet er nettbasert med ei samling i Volda på to dagar. Nettleksjonane vert lagt ut om lag annakvar veke, og vert alle avslutta med eit lite arbeidskrav. Dette kan til dømes vere ein kort didaktisk refleksjon, ein kort video der ein løyser ei oppgåve, deltaking i eit diskusjonsforum eller av anna type. Det er eit mål at desse korte små arbeidskrava skal vere tett knytt opp mot det arbeidet ein gjer i den daglege undervisinga som lærar i matematikk. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til praktisk bruk av digitale verktøy i skulen. Vi legg opp til studentaktive arbeidsformer.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til samlinga i Volda, presisert og tidfesta i semesterplanen.
Arbeidskrav:
- 3 refleksjonsoppgåver på om lag 1000 ord, kvar oppgåve vil vere knytt til kvar sin del av emnet (nemnt over). Desse refleksjonsoppgåvene vil inngå i eksamensmappa.
- Kvar nettleksjon (modul) i Canvas vil verte avslutta med eit lite arbeidskrav, som alle må vere godkjent før ein kan framstille seg til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Kr. 4 000,-
- Programmering og andre digitale verktøy i matematikkundervisninga (nett- og samlingsbasert)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 2 semester | Stått eller ikkje stått | 100 | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med dei tre refleksjonsoppgåvene i emnet saman med ein presentasjonstekst. I presentasjonsteksten på om lag 1000 ord skal studenten presentere arbeida som er valt ut og arbeidet med dei. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. |