Semestre
MAT140-AVG Digitale verktøy i matematikkundervisninga
Ingen.
Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å bruke digitale verktøy i matematikkundervisinga. Emnet gjev studentane kompetanse i kritisk refleksjon over korleis, kvifor og når bruke ulike digitale verktøy i undervisninga. I emnet vil studentane også utvikle kompetanse i å reflektere rundt endringar i matematikkfaget som konsekvens av digital utvikling, og kva kompetanse ein matematikklærar treng i dag og i framtida. Emnet vil innehalde tre om lag like store delar:
- GeoGebra. Innføring i dataprogrammet GeoGebra og korleis dette kan brukast i skulen på ulike nivå. Didaktisk bruk av programmet knytt opp mot kompetansemåla i LK06 og eksamen i tiande klasse.
- Rekneark. Innføring i rekneark og korleis dette kan brukast i skulen på ulike nivå. Didaktisk bruk av programmet knytt opp mot kompetansemåla i LK06 og eksamen i tiande klasse.
- Andre digitale ressursar i matematikk. Der er ei aukande mengd av tilgjengelege digitale ressursar, nettsider, nettbrett, appar, interaktive tavler, digitale spel med meir. I emnet tek vi opp didaktisk bruk av slike ressursar. Her kan bruk av koding i matematikk, formeleditorar og omvendt undervising også vere relevant.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har brei kunnskap om pedagogisk bruk av IKT i matematikkundervisninga som fremjar læring
- har undervisningskunnskap om, og i, bruk av GeoGebra og rekneark i matematikkopplæringa i grunnskulen
- har kjennskap til og undervisingskompetanse i digitale ressursar som kan fremje læring i matematikk, og kan vurdere desse mot kvarandre
Studenten
- kan anvende spesialkunnskap i bruk av eit utvalt digitalt verktøy i matematikkundervisninga
- kan bidra i lokalt læreplanarbeid med integrering av digitale ressursar i undervisninga
- kan bruke digitale verktøy som reiskap for å tilrettelegge undervisinga
- kan ta i bruk digitale verktøy ved vurdering av elevane sitt læringsutbytte
Studenten skal
- kunne delta og bidra i lokalt utviklingsarbeid knytt til digital matematikkundervisning og utvikle matematikklæraren sin praksis i bruk av digitale verktøy i undervisinga
- utvikle haldningar til, forståing for og refleksjon over bruken av digitale verktøy i matematikk
Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda. Nettleksjonar med mellom anna undervisingsvideoar i HVO si læringsplattform og live videoundervising via nett. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til praktisk bruk av digitale verktøy i skulen. Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til samlingane i Volda, presisert og tidfesta i semesterplanen.
Arbeidskrav:
- 3 refleksjonsoppgåver på om lag 1000 ord, kvar oppgåve vil vere knytt til kvar sin del av emnet (nemnt over). Desse refleksjonsoppgåve vil inngå i eksamensmappa.
- Kvar nettleksjon (modul) i Canvas vil verte avslutta med eit lite arbeidskrav, som alle må vere godkjent før ein kan framstille seg til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Kr. 4.000,-
- Programmering og andre digitale verktøy i matematikkundervisninga (nett- og samlingsbasert)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 2 semester | Stått eller ikkje stått |
Vurderingsmappa skal leverast elektronisk.