Semestre
MEI305 Masteroppgåve i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering (45 stp)
60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Dette inkluderer dei obligatoriske emna Meistring og myndiggjering - samhandlingsperpektivet (MEI301) og Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet (MEI302) som må vere fullført med karakteren C eller betre som resultat.Det er eit avgrensa tal plassar på emnet og ved rangering tek ein utgangspunkt i karakterane på dei obligatoriske emna. Deretter blir søkjarane rangerte på grunnlag av gjennomsnittskarakterar på alle emna søkjarane har gjennomført i mastergradsstudiet. Ved lik rangering vert det loddtrekking. Masteroppgåve kan ikkje leverast før ein har stått eksamen i Forskingsmetode og vitskapsteori (MEI303).
Skriving av masteroppgåve er avluttande emne på Masterstudiet i helse og sosialfag, Meistring og myndiggjering. Studiet skal gi studentane kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit til å fremje læring, meistring og myndiggjering i eige arbeid med pasientar og klientar. Studiet skal også gjere dei i stand til å undervise, rettleie og initiere FOU-prosjekt med vekt på slike mål. Fullført masterstudium skal samtidig kunne kvalifisere for opptak til doktorgradsstudium.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Målet er at undervisninga og rettleiinga skal hjelpe studentane til å skrive ei masteroppgåve som fyller krava til vitskapleg arbeid. Då må dei på ein grunngitt måte velje eit helsefagleg eller sosialfagleg forskingstema og presisere dette temaet til ei forskbar problemstilling. Denne problemstillinga må drøftast med utgangspunkt i relevant litteratur og setjast inn i ei teoretisk fruktbar ramme. Studentane skal velje eit forskingsopplegg som gir relevante data, innsamla og analysert med vitskaplege metodar. Kravet til ei masteroppgåve på 45 stp er her noko større enn til ei oppgåve på 30 stp.Forskingsetiske omsyn skal også tilleggjast vekt. Masteroppgåva skal vere språkleg ryddig og formelt korrekt når det gjeld referansar og kjeldebruk.
Målet er at undervisninga og rettleiinga skal hjelpe studentane til å skrive ei masteroppgåve som fyller krava til vitskapleg arbeid. Det innebærer val av ei forskbar problemstilling, drøfting av problemstillinga i forhold til relevant litteratur, val av teoretisk ramme, datainnsamling og -analyse, og korrekt kildebruk. Forskingsetiske omsyn skal og tilleggast vekt.
Målet er at studenten skal få kompetanse til å gjennomføre forskingsprosjekt på eigen hand.
Arbeidet med masteroppgåva går parallelt med emnet Forskingsmetode og vitskapsteori, og begge emna strekkjer seg over to semester. Studentane må levere eit oppgåvenotat med søknad om godkjenning av oppgåvetema. Deretter får kvar tildelt ein rettleiar. Studentane må presentere arbeidet med oppgåva under metodesamlingane. Oppgåveseminar i samband med masteroppgåva og undervisninga i Forskingsmetode og vitskapsteori er lagt til dei same undervisningssamlingane:
- Samling 1: veke 36
- Samling 2: veke 43
- Samling 3: veke 49
- Samling 4: veke 4 (2018)
- Samling 5: veke 8 (2018)
Til den tredje samlinga skal det leverast ein prosjektplan for masteroppgåva. Vidare rettleiing etter tredje samling føreset at prosjektplanen er levert.Det er høve for to studentar til å skrive felles masteroppgåve. Ein forventar at slike oppgåver gjenspeglar ein større arbeidsinnsats enn dei individuelle, og dei kan vere inntil 50 prosent lengre enn ramme for individuelle oppgåver. Når to skriv saman, må studentane levere ei skriftlig erklæring som viser arbeidsdelinga mellom dei og kva deler av oppgåva den enkelte har hovudansvaret for. Studentar som skriv oppgåve saman, går opp til munnleg eksamen kvar for seg.
For å levere masteroppgåva til vurdering må studenten ha stått til eksamen i emnet MEI 303 Forskingsmetode og vitskapsteori. Masteroppgåva må vere stått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen.
Studentane vel tre representantar som saman med dei emneansvarlege utgjer fagutvalet for emnet. Fagutvalet har møte i slutten av kvar samling (fagutvalet er felles med MEI303). Emnet vert elles evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Helse- og sosialfag - master
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Masteroppgåve | Individuell | 2 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Masteroppgåva blir evaluert av ein kommisjon med to medlemmar og får ein førebels bokstavkarakter. | Alle. | Omlag 115 sider (+/- 10%), skrifttype Times New Roman, linjeavstand 1,5 og bokstavstorleik 12-punkt. Standard framside, obligatorisk samandrag og eventuelle vedlegg tel ikkje med i talet på sider. | |
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 1 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Munnleg justerande eksamen der masteroppgåva skal forsvarast. Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet. |