Semestre

MEI305 Masteroppgåve i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering (45 stp)

Emnekode: 
MEI305
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
45
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2020 Haust
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

I alt 60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Emna Meistring og myndiggjering - samhandlingsperpektivet (MEI301) og Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet (MEI302) må vere fullført med karakteren C eller betre.I tillegg må studenten har fullført 15 valfrie studiepoeng på masternivå. Masteroppgåve kan ikkje leverast før ein har bestått eksamen i Forskingsmetode og vitskapsteori (MEI303).

Om emnet

Skriving av masteroppgåve er avsluttande emne på Masterstudiet i helse og sosialfag, Meistring og myndiggjering. Studiet skal gi studentane kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit til å fremje læring, meistring og myndiggjering i eige arbeid med pasientar og klientar. Studiet skal også gjere studenten i stand til å undervise, rettleie og initiere FOU-prosjekt med vekt på slike mål. Fullført masterstudium skal samtidig kunne kvalifisere for opptak til doktorgradsstudium.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar
  • Studenten skal ha inngåande kunnskap om kvalitative og kvantitative design i samfunnsvitskapleg forsking 
  • Studenten skal ha inngåande kunnskap om forskingsetiske retningslinjer
  • Studenten skal ha omfattande kunnskap om feltet han/ho vel å forske på 
  • Studenten skal ha forskingsmetodisk kunnskap til å kunne analysere og vurdere eiga og andre si forsking
  • Studenten skal ha god kunnskap om krav til akademisk skriving 
Ferdigheiter
  • Studenten skal ha sjølvstendige ferdigheiter til å utvikle eit helse- eller sosialfagleg forskingsopplegg som gir relevante data; innsamla og analysert med vitskaplege metodar.
  • Studenten skal kunne vurdere korvidt ulike forskingsdesign er tenlege for å utvikle kunnskap og analysere og vurdere eiga og andre si forsking
  • Studenten skal ha gode ferdigheiter til å kunne gjere grundige vurderingar av forskingsetiske omsyn gjennom heile forskingsprosessen
  • Studenten skal kunne finne og gjere seg nytte av relevant litteratur og kunne setja eiga forsking inn i ei teoretisk fruktbar ramme på ei kritisk reflektert måte
  • Studenten skal i høg grad meistre akademisk skriving og skal kunne presentere eigne forskingsprosjekt, resultat og faglege drøftingar skriftleg og munnleg til brukarar av forskinga og til fagfellar
Generell kompetanse
  • Studenten skal utvikle kompetanse til å planlegge, gjennomføre, presentere og reflektere kritisk i sjølvstendige forskings- og utviklingsprosjekt.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidet med masteroppgåva går parallelt med emnet Forskingsmetode og vitskapsteori (MEI303) i haustsemesteret. Studentane skal levere eit oppgåvenotat, samt presentere status for oppgåva for medstudentar og rettleiarar på oppgåveseminar undervegs i haustsemesteret. I det påfølgjande vårsemesteret vert det arrangert to samlingar med undervisningstilbod rundt oppgåveskriving og analyse. På desse samlingane vert det også oppgåvepresentasjonar frå studentane.

Oppgåveseminar i samband med masteroppgåva og undervisninga i Forskingsmetode og vitskapsteori er lagt til dei same samlingane i haustsemesteret:

  • Samling 1: veke 34 - Notatskriving
  • Samling 2: veke 43 - Presentasjon og tid til rettleiing
  • Samling 3: veke 48 - Tid til rettleiing
  • Samling 4: veke 3 (2021) - Om oppgåveskriving, presentasjon og tid til rettleiing
  • Samling 5: veke 11 (2021) - Om analyse, presentasjon og tid til rettleiing

Til den tredje samlinga skal heiltidsstudentane levere ein prosjektplan for masteroppgåva. Studentar som gjennomfører master på deltid skal levere prosjektplanen innan 1. februar påfølgjande semester. Vidare rettleiing føreset at prosjektplanen er levert og godkjent.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å levere masteroppgåva til vurdering, må studenten ha bestått til eksamen i emnet MEI303 Forskingsmetode og vitskapsteori. Masteroppgåva må vere bestått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen.

Studenten må ha presentert og gitt førebudde kommentarar til medstudentar, på minst to av samlingane.
 

Sensorordning
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Finn Ove Båtevik
Silje Louise Dahl
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Helse- og sosialfag - master
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Masteroppgåve
Individuell
2 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Masteroppgåva blir evaluert av ein kommisjon med to medlemmar og får ein førebels bokstavkarakter.
Alle.
35.000 ord (+/- 10%). Skrifttype Times New Roman, linjeavstand 1,5 og bokstavstorleik 12-punkt. Standard framside, obligatorisk samandrag (norsk og engelsk), forord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg tel ikkje med i talet på ord.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
1 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg justerande eksamen der masteroppgåva skal forsvarast. Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet.
Godkjent av: 
Randi Bergem 18.02.2020