Semestre

MEV121 Medievitskap 1 - Media sin framvekst, utvikling og viktigheit i dag

Emnekode: 
MEV121
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir grunnleggjande kunnskap om medias opphav og utvikling frå trykkekunsten og fram til dei nyaste sosiale media, med vekt på både brot og kontinuitet i medias utvikling. Det norske mediesystemet blir sett inn i eit internasjonalt perspektiv, samtidig som kurset blir ført fram til problemstillingar knytt til medieindustrien og medias rolle i offentlegheit og demokrati.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha 

  • grunnleggande kunnskap om epokane i norsk mediehistorie
  • kunnskap om problemstillingar knytte til medieindustrien og medias rolle i offentlegheit og demokrati
  • kunnskap om det norske mediesystemet i eit internasjonalt perspektiv 
Ferdigheiter

Studenten skal

  • ha utvikla ferdigheiter knytt til akademisk oppgåveskriving
  • utvikla forståing av medias rolle i samfunnet og betydning knytt til eige profesjonsstudium
Generell kompetanse

Studenten skal

  • ha grunnleggande forståing av medias utvikling og kan reflektere rundt eigen profesjonsrolle
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er basert på førelesingar, sjølvstudium, ei (1) obligatorisk øvingsoppgåve der målet er å trene på akademisk oppgåveskriving, og kollokviearbeid. Det blir utarbeidd eigne planar for organiseringa av kollokviegruppene.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er to arbeidskrav:

1. Levere ei skriftleg oppgåve på 1500-2000 ord og fylle formkrava til ei akademisk oppgåve. Det blir gitt ei skriftleg tilbakemelding på oppgåva.

2. Studentane skal levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.

Sensorordning
Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
150
Emneansvarleg: 
Henrik Grue Bastiansen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk, spesialisering avis/nett
  • Journalistikk, spesialisering tv/radio
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Alle
Godkjent av: 
Odd Ragnar Hunnes 21.03.20