Semesters
- 2025 Spring
- 2024 Spring
- 2023 Spring
- 2022 Spring
- 2021 Spring
- 2020 Spring
- 2019 Spring
- 2018 Spring
- 2017 Spring
- 2015 Autumn
MEV121 Medievitskap 1 - Media sin framvekst, utvikling og viktigheit i dag
Ingen
Emnet gir grunnleggjande kunnskap om medias opphav og utvikling frå trykkekunsten og fram til dei nyaste sosiale media, med vekt på både brot og kontinuitet i medias utvikling. Det norske mediesystemet blir sett inn i eit internasjonalt perspektiv, samtidig som kurset blir ført fram til problemstillingar knytt til medieindustrien og medias rolle i offentlegheit og demokrati.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- grunnleggande kunnskap om epokane i norsk mediehistorie
- kunnskap om problemstillingar knytte til medieindustrien og medias rolle i offentlegheit og demokrati
- kunnskap om det norske mediesystemet i eit internasjonalt perspektiv
Studenten skal
- ha utvikla ferdigheiter knytt til akademisk oppgåveskriving
- utvikla forståing av medias rolle i samfunnet og betydning knytt til eige profesjonsstudium
Studenten skal
- ha grunnleggande forståing av medias utvikling og kan reflektere rundt eigen profesjonsrolle
Emnet er basert på førelesingar, sjølvstudium, ei (1) obligatorisk øvingsoppgåve der målet er å trene på akademisk oppgåveskriving, og kollokviearbeid. Det blir utarbeidd eigne planar for organiseringa av kollokviegruppene.
Det er to arbeidskrav:
1. Levere ei skriftleg oppgåve på 1500-2000 ord og fylle formkrava til ei akademisk oppgåve. Det blir gitt ei skriftleg tilbakemelding på oppgåva.
2. Studentane skal levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Alle |