Semestre
MEV122 Medievitenskap 2 - Hva medieutviklingen betyr
Ingen
Emnet gjev ulike perspektiv på mediene og kordan dei er blitt tolka i sentrale teoretiske tradisjonar. Kurset diskuterer makt og medier, samt profesjonalisering i journalistikk, informasjon, film og animasjon.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- grunnleggande kunnskap om sentrale teoriar som er formulert om mediene si utvikling og rolle samfunnet
- kunnskap om ulike perspektiv på mediene og korrdan dei er blitt tolka i sentrale teoretiske tradisjonar
- kunnskap om makt og medier når det gjeldl profesjonaliseringa av journalistikk, informasjon, film og animasjon
- utvikla ferdighetar knytt til akademisk oppgåveskriving
- utvikla forståing av mediene si rolle i samfunnet, og refleksjon kring dette knytta til eige profesjonsstudium.
- har grunnleggande forståing av mediene si rolle i samfunnet og kan reflektere rundt sin eigen profesjons samfunnsansvar og arbeidsmåtar.
Emne er basert på førelesingar, sjølvstudium, ei (1) obligatorisk øvingsoppgåve der målet er å trene på akademisk oppgåveskriving, samt kollokviearbeid. Arbeid i kollokviegrupper er ei studentaktiv læringsform.
Det er to arbeidskrav:
1. Ei skriftlig oppgåve på 1500 - 2000 ord som fyller formkrava til ei akademisk oppgåve, samt deltaking på oppgåveseminar. Det blir gjeve ei skriftlig tilbakemelding på oppgåva.
2. Studentane skal levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt i Fronter.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Bachelor i Media, IKT og design
- Journalistikk, spesialisering avis/nett
- Journalistikk, spesialisering tv/radio
- PR, kommunikasjon og media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |