Semestre
MEV122 Medievitskap 2 - Kva medieutviklinga betyr
Ingen
Emnet gjev ulike perspektiv på mediene og korleis dei er blitt tolka i sentrale teoretiske tradisjonar. Kurset diskuterer makt og medier, samt profesjonalisering i journalistikk, informasjon, film og animasjon.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- ha grunnleggande kunnskap om sentrale teoriar som er formulerte om mediene si utvikling og rolle samfunnet
- ha kunnskap om ulike perspektiv på mediene og korleis dei er blitt tolka i sentrale teoretiske tradisjonar
- ha kunnskap om makt og medier når det gjeld profesjonaliseringa av journalistikk, informasjon, film og animasjon
Studenten skal
- ha utvikla ferdigheiter knytte til akademisk oppgåveskriving
- ha utvikla forståing av mediene si rolle i samfunnet, og refleksjon kring dette knytta til eige profesjonsstudium
Studenten skal
- ha grunnleggande forståing av mediene si rolle i samfunnet og kan reflektere rundt samfunnsansvaret i eigen profesjon og arbeidsmåtar.
Emnet er basert på førelesingar, sjølvstudium, ei (1) obligatorisk øvingsoppgåve der målet er å trene på akademisk oppgåveskriving, samt kollokviearbeid. Arbeid i kollokviegrupper er ei studentaktiv læringsform.
Det er to arbeidskrav:
1. Ei skriftleg oppgåve på 1500 - 2000 ord som fyller formkrava til ei akademisk oppgåve, samt deltaking på oppgåveseminar. Det blir gjeve ei skriftlig tilbakemelding på oppgåva.
2. Studentane skal levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Journalistikk, spesialisering avis/nett
- Journalistikk, spesialisering tv/radio
- PR, kommunikasjon og media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 7 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Alle |