Semestre

MGL1-7KH1A Kunst og handverk 1A

Emnekode: 
MGL1-7KH1A
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Kunst og handverk 1 gir opplæring innan områda design og arkitektur. Emnet skal kvalifisere for undervisning i grunnskulen, trinn 1-7. Studenten skal tileigne seg varierte arbeidsmetodar, og ulike materialar, reiskapar og teknikkar, særleg knytt til tredimensjonale former. Begynnaropplæring i kunst og handverk står sentralt.

Fagdidaktikk og profesjonspraksis er ein integrert del av faget, og handlar om organisert læring i kunst og handverk, og teoretiske perspektiv på undervisningsplanlegging og vurdering. Gjennom førelesingar og fagdidaktiske diskusjonar skal studenten utvikle forståing for faget sin relevans i eit samfunnsperspektiv. Perspektiv på korleis faget i grunnskulen også er eit yrkesførebuande fag, skal kome fram. Gjennom studiet er intensjonen at studenten utviklar ferdigheiter som rettleiar for elevane i deira skapande prosessar og læring. 

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

  •  har kunnskap om tilpassa opplæring og vurdering i kunst- og handverksfaget, trinn 1-7
  •  har kunnskap om den gjeldande læreplanen for skulen sitt kunst- og handverksfag
  •  har kunnskap om relevante materialar, teknikkar og reiskapar som særleg høyrer til arbeid med tredimensjonale former
  •  har kunnskap om korleis lokal kunst- og formkultur kan verte tolka og brukt som utgangspunkt for barn sitt skapande arbeid
  •  har kunnskap om grunnleggande ferdigheiter i kunst og handverk
  •  har kunnskap om korleis ein kan vurdere form og funksjon på tredimensjonale former
  •  har kunnskap om ideutvikling og barn sine kreative prosessar
  •  har kunnskap om visuelle verkemiddel, og korleis desse påverkar kommunikasjon og funksjon ved eit tredimensjonalt arbeid 

 

Ferdigheiter

Studenten:

  •  kan bruke faget sitt innhald, arbeidsmåtar og teori i undervisningsplanlegging, gjennomføring og læringsorientert vurdering på ein måte som tek omsyn til tilpassa opplæring
  •  kan arbeide målretta og grundig med idéutvikling, dokumentasjon og vurdering av eigne skapande prosesser, særleg knytt til arbeid med tredimensjonale former
  •  kan formidle delar av lokal og nasjonal kunst- og formkultur på varierte måtar, og gjennom dette kunne stimulere eleven sitt visuelle referansegrunnlag og miljøbevisstheit
  •  kan bruke og vedlikehalde reiskap, apparat og maskiner og ta ansvar for arbeidsmiljø og sikkerheit på verkstadane (HMS-rutinar)
  •  kan bruke teikning som verktøy i skissearbeid, konseptutvikling og arbeidsteikningar i gitt målestokk
  •  kan organisere utstillingar av elevarbeid og på andre måtar synleggjere faget på ulike arenaer
  •  kan nytte ulike estetiske virkemiddel i arbeid med form og funksjon
Generell kompetanse

Studenten:

  •  kan gjere greie for korleis praktisk og skapande arbeid med materialar utfordrar sansar, engasjerer kjensler, krev konsentrasjon og aktiviserer kroppen
  •  ser elevar sine kulturelle skilnader som ein ressurs, og kan utnytte mangfaldet som utgangspunkt for meiningsfulle oppgåver, respekt og anerkjenning
  •  kan gjere greie for korleis val av materialar, arbeidsformer og tema bidreg til gjenbruk, vedlikehald og omtanke for miljøet
  •  kan generere tverrfaglige arbeidsformer gjennom å invitere andre fag til praktisk, teoretisk og didaktisk samarbeid
  •  kan bruke gjeldande læreplanar for grunnskulen som utgangspunkt for faglig utviklingsarbeid med ei systematisk og forskings messig tilnærming, og kjenne normer for ansvarlig bruk av innsamla informasjon
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er i hovudsak konsentrert om praktisk arbeid i ulike teknikkar, materialar og tema der studenten arbeider enkeltvis eller i grupper med faglege problemstillingar. Undervisningsformene er ein kombinasjon av førelesing og individuell oppgåveløysing, fellesundervisning og sjølvstudium. Det vert gitt grunnleggjande opplæring i bruk av ulike teknikkar og verktøy som studenten skal meistre. 

Undervisninga kan bli lagt til område utanfor campus. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del, må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med lærar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

 

Arbeidskrav:

Arbeidskrav IA (haust): Praktiske oppgåver innan arbeidsområdet arkitektur. I tillegg leverer studentane ei arbeidsbok med skriftleg fagdidaktisk refleksjon, der eigne praksiserfaringar blir relatert til fagteorien. Tema for refleksjonsoppgåva er læraren og vurderingsarbeidet i faget (800ord). 

Arbeidskrav IIA (vår):  Praktiske oppgåver i arbeidsområdet design. I tillegg leverer studentane ein prosess- dokumentasjon med skriftleg fagdidaktisk refleksjon, der eigne praksiserfaringar blir relatert til fagteorien. Tema for refleksjonsoppgåva er tilpassa opplæring i faget (800 ord).

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maksimumstal: 
16
Emneansvarleg: 
Rita Slotterøy
Materialavgift

Studentane betaler ei materialavgift på kr 500 til innkjøp av fellesmateriale.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
70
Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei praktisk mappe med oppgåver frå både haust- og vårsemester. Mappa skal innehalde både praktiske produkt og tilhøyrande prosessdokumentasjonar. Ein av dei fagdidaktiske refleksjonane blir trekt ut, og er med i mappa. Mappa er ei utvikling av innhaldet i arbeidskrava.
Skriftleg eksamen
Individuell
3 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
30
Digital eksamen.
ein skriftleg eksamen på 3 timar i fagdidaktisk teori
Godkjent av: 
Aud Folkestad