Semestre

MGL1-7KRLE Kristendom, religion, livssyn og etikk

Emnekode: 
MGL1-7KRLE
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir historisk og aktuell kunnskap om kristendom, religionar, livssyn, filosofi og etikk. Emnet er didaktisk retta mot KRLE-undervisning på 1.-7. årssteg. KRLE1 gir studentane nødvendig kultur- og religionskompetanse i møte med elevar, heimar og i samarbeid med kollegaer. Begynneropplæring er eit sentralt perspektiv i emnet. Gjennom litteratur, arbeidsmåtar og arbeidskrav i emnet vil studentane òg få kunnskap om og ferdigheiter i tilpassa undervisning, vurdering og grunnleggande ferdigheiter. 
Kristendomskunnskap gir kunnskap om Bibelen, forteljingar frå kristen tradisjon, kristen truslære og kristne praksisar. Denne delen gir òg innblikk i ulike kyrkjesamfunn og kristendommens historie fram til og med reformasjonen.
Religions- og livssynskunnskap gir kunnskap om tekstar, lære, praksisar, etikk, estetikk og historisk utvikling i jødedom, islam, hinduisme, buddhisme, nyreligiøsitet og ikkje-religiøse livssyn. 
Etikk og filosofi gir kunnskap om grunnlagsetiske teoriar med fokus på elevorientert områdeetikk og lærarens yrkesetiske rolle, om vestlig filosofihistorie med vekt på antikken, filosofisk og religiøs etikk, menneskesyn og filosofisk samtale.
Fagdidaktikk gir kunnskap om religions- og livssynsundervisning i dagens fleirkulturelle samfunn, og om KRLE-fagets eigenart og historie. Fagdidaktikken gir òg kunnskap om og ferdigheiter i eit variert spekter av arbeids- og vurderingsmåtar i faget med tanke på undervisning på 1.-7. årssteg. Samanhengen mellom tidleg utvikling hos barn og religion, livssyn og etikk er eit viktig perspektiv. Den fagdidaktiske refleksjonen speglar dei kulturelle tilhøva som elevane veks opp i.

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten:

• har kunnskap om religionar og livssyn, deira mangfald og ulike retningar, trusinnhald, praksis, etikk og estetiske uttrykk, med særleg vekt på kristendommen og norske forhold

• har kunnskap om religionshistorie, med vekt på kristendommens historie fram til og med reformasjonen

• har kunnskap om barns tidlege utvikling og danning 

• har kunnskap om humanisme som livssyn i historisk og aktuelt perspektiv og ulike sekulære menneskesyn

• har kunnskap om heilage tekstar: hovudinnhald, historisk bakgrunn og sentrale forteljingar, med særleg vekt på Bibelen

• har kunnskap om vestlig filosofihistorie med vekt på antikken og har kunnskap om etiske teoriar

• har kunnskap om grunnskulefagets historie, grunngjeving, innhald, føremål og didaktiske utfordringar i tillegg til kunnskap om reglement for fritak på religiøst og livssynsmessig grunnlag

• har kunnskap om samanlikningar av religiøse tradisjonar og sekulære livssyn

• har kunnskap om sentrale arbeidsmåtar og vurderingsformer i faget relevante for 1.-7. årssteg

• har kunnskap om nyare forsking og forskingsmetodar knytt til KRLE-faget i praksis 

Ferdigheiter

Studenten:

• kan planleggje og gjennomføre KRLE-undervisning på ein sjølvstendig og fagleg gjennomtenkt måte med vekt på danningsperspektiv og dei fleirkulturelle utfordringane

• kan reflektere kritisk over fag, undervisning og vurdering i faget på ein måte som fremjar læring hos elevane og eigen utvikling i yrkesutøvinga

• kan samarbeide og ha dialog med andre lærarar, med elevar og heimen og lokalmiljøet og gjennomføre tilpassa opplæring i KRLE, mellom anna med omsyn til trus- og livssynsbakgrunnen til elevane.

• kan setje seg inn i borna sine tankar og førestellingar om religiøse og filosofiske spørsmål og ha dialog med dei om dette

• kan integrere dei grunnleggande ferdigheitene i undervisninga og kombinere objektiv, kritisk og pluralistisk undervisning i KRLE med varierte, elevaktive og engasjerande arbeidsmåtar

• kan nytte etiske teoriar i høve til aktuelle profesjonsetiske og elevorienterte problemstillingar 

• kan kritisk vurdere digitale læremiddel og digitale arenaer med fokus på etikk og læring i faget

• kan legge til rette for begynnaropplæring i faget

• har ferdigheiter i akademisk skriving og kan nytte nokre grunnleggjande forskingsmetodar i møte med KRLE-faget i praksis 

Generell kompetanse

Studenten:

• kan drøfte individuelle og samfunnsmessige sider ved religion og livssyn, samt reflektere over regionale skilnader

• har grunngjevne synspunkt om læraren som verdiformidlar i eit fleirkulturelt samfunn

• kan gjere greie for og ta stilling til etiske spørsmål som gjeld skulen og elevane

• kan reflektere kritisk over skulefaget og formidle forsking om barn, religion og livssyn

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga består av forelesingar i klasserom og ulike typar studentaktivitet, som gruppearbeid, munnlege framlegg, seminar og ekskursjonar. Midt i semesteret tilbyr vi studietur til London. Der vil vi besøke ulike trussamfunn og gudshus og bli kjent med engelsk religionsundervisning i multikulturelle skular.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:a. Obligatorisk frammøte (80%), jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

 

Arbeidskrav:

b. To godkjende kunnskapsprøver innan fastsett frist

c. Fire godkjende innleveringar innan fastsett frist. Ei av desse innleveringane skal vere knytt til observasjon og refleksjon over begynnaropplæring i praksis, og ei skal vise digitaldidaktisk kompetanse

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. 

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Kristin Hatlebrekke
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
2500 ord.
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Godkjent av: 
Anne Øie