Semestre
MGL1-7KRLE Kristendom, religion, livssyn og etikk
Ingen
Emnet gir historisk og aktuell kunnskap om kristendom, religionar, livssyn, filosofi og etikk. Emnet er didaktisk retta mot KRLE-undervisning på 1.-7. årssteg. KRLE gir studentane nødvendig religions- og kulturkompetanse i møte med elevar, heimar og i samarbeid med kollegaer. Begynnaropplæring er eit perspektiv i emnet. Gjennom litteratur, arbeidsmåtar og arbeidskrav i emnet vil studentane også få kunnskap om og ferdigheiter i tilpassa undervisning, vurdering og grunnleggande ferdigheiter.
- Kristendomskunnskap gir kunnskap om Bibelen, forteljingar frå kristen tradisjon, kristen truslære og kristne praksisar. Denne delen gir også innblikk i ulike kyrkjesamfunn og kristendomens historie fram til og med reformasjonen.
- Religions- og livssynskunnskap gir kunnskap om tekstar, lære, praksisar, etikk, estetikk og historisk utvikling i jødedom, islam, hinduisme, buddhisme, sikhisme, nyreligiøsitet, samisk religion og ikkje-religiøse livssyn.
- Etikk og filosofi gir kunnskap om grunnlagsetiske teoriar og elevorientert områdeetikk og lærarens yrkesetiske rolle, om vestleg filosofihistorie med vekt på antikken, filosofisk og religiøs etikk, menneskesyn og filosofisk samtale med barn.
- Fagdidaktikk gir kunnskap om religions- og livssynsundervisning i dagens fleirkulturelle samfunn, og om KRLE-fagets eigenart og historie. Fagdidaktikken gir også kunnskap om og ferdigheiter i eit variert spekter av arbeids- og vurderingsmåtar i faget med tanke på undervisning på 1.-7. årssteg. Den fagdidaktiske refleksjonen speglar dei kulturelle tilhøva som elevane veks opp i.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om religionar og livssyn, deira mangfald og ulike retningar, trusinnhald, praksis, etikk og estetiske uttrykk, med særleg vekt på kristendomen og norske forhold
- har kunnskap om religionshistorie, med vekt på kristendomens historie fram til og med reformasjonen
- har kunnskap om barns danningsprosessar og medias moglege påverknad på desse
- har kunnskap om moglege verknader av medialisering av religion
- har kunnskap om humanisme som livssyn i historisk og aktuelt perspektiv og ulike sekulære menneskesyn
- har kunnskap om heilage tekstar: hovudinnhald, historisk bakgrunn og sentrale forteljingar, med særleg vekt på Bibelen
- har kunnskap om vestleg filosofihistorie med vekt på antikken og har kunnskap om etiske teoriar
- har kunnskap om grunnskulefagets historie, grunngjeving, innhald, føremål og didaktiske utfordringar i tillegg til kunnskap om reglement for fritak på religiøst og livssynsmessig grunnlag
- har kunnskap om ulikskapar og likskapar mellom religiøse tradisjonar og sekulære livssyn
- har kunnskap om sentrale arbeidsmåtar og vurderingsformer i faget relevante for 1.-7. årssteg
- har kunnskap om nyare forsking og forskingsmetodar knytt til KRLE-faget i praksis
Studenten:
- kan planleggje og gjennomføre KRLE-undervisning på ein sjølvstendig og fagleg gjennomtenkt måte med vekt på danningsperspektiv og dei fleirkulturelle utfordringane
- kan reflektere kritisk over fag, undervisning og vurdering i faget på ein måte som fremjar læring hos elevane og eiga utvikling i yrkesutøvinga
- kan samarbeide og ha dialog med andre lærarar, med elevar og heimen og lokalmiljøet og gjennomføre tilpassa opplæring i KRLE, mellom anna med omsyn til trus- og livssynsbakgrunnen til elevane.
- kan setje seg inn i borna sine tankar og førestellingar om eksistensielle, etiske, religiøse og filosofiske spørsmål og ha dialog med dei om dette
- kan integrere dei grunnleggande ferdigheitene i undervisninga og kombinere objektiv, kritisk og pluralistisk undervisning i KRLE med varierte, elevaktive og engasjerande arbeidsmåtar
- kan nytte etiske teoriar i høve til aktuelle profesjonsetiske og elevorienterte problemstillingar
- kan kritisk vurdere digitale læremiddel,kjelder og digitale arenaer med fokus på etikk og læring i faget
- kan legge til rette for begynnaropplæring i faget
- har ferdigheiter i akademisk skriving og kan nytte nokre grunnleggjande forskingsmetodar i møte med KRLE-faget i praksis
Studenten:
- kan drøfte individuelle og samfunnsmessige sider ved religion og livssyn, samt reflektere over regionale skilnader
- har grunngjevne synspunkt om læraren som verdiformidlar i eit fleirkulturelt samfunn
- kan gjere greie for og ta stilling til etiske spørsmål som gjeld skulen og elevane
- kan reflektere kritisk over skulefaget og formidle forsking om barn, religion og livssyn
Undervisninga består av forelesingar i klasserom og ulike typar studentaktivitet, som gruppearbeid, munnlege framlegg, seminar og ekskursjonar. Midt i semesteret tilbyr vi studietur til London. Der vil vi besøke ulike trussamfunn og gudshus og bli kjent med engelsk religionsundervisning i multikulturelle skular.
Frammøtekrav: Obligatorisk frammøte (80%), jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav:
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten
- ha fått godkjent to munnlege arbeidskrav
- ha fått godkjent tre innleveringar på inntil 1500 ord innan fastsett frist. Ei av desse innleveringane skal vise digitaldidaktisk kompetanse
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | 2500 ord. | ||
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 |