Semestre
MGL1-7NO2A Norsk 2A: Den andre lese- og skriveopplæringa
I norsk 2A skal studentane få brei kunnskap om og innsikt i korleis elevar på 1.–7.-steget utviklar og vidareutviklar grunnleggande munnleg og skriftleg tekstkyndigheit. Studentane skal få rom til å utvikle seg som profesjonelle norsklærarar med brei innsikt i lese- og skrivestrategiar og tilpassa lese- og skriveopplæring. Dei skal kunne reflektere over ulike tilnærmingar til skriveopplæring, samt vurdere og gi læringsstøttande tilbakemeldingar til elevane. Vidare skal studentane arbeide med tekstar i ulike sjangrar og frå ulike perspektiv i ulike medium, og dei skal kjenne til og kunne nytte aldersstegstilpassa litteratur. Studentane skal også kunne bidra til at elevane blir trygge og aktive språkbrukarar.
Hovudtemaet for praksis femte semester er fagdidaktikk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om norskfaget som danning- og reiskapsfag
- har kunnskap om litteraturhistorie og brei kunnskap om skjønnlitteratur frå ulike tider, for barn, unge og vaksne
- har brei kunnskap om litteraturdidaktiske tilnærmingar og kunnskap om ulike litteraturteoretiske perspektiv
- har brei kunnskap om skriving og læringsfremmande vurdering, samt bruk nasjonale prøver
- har kunnskap om dokumentanalyse som relevant forskingsmetode i norskfaget
Studenten
- kan bruke grammatikk- og språkkunnskap, tekst- og litteraturkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
- kan legge til rette for variert arbeid med skjønnlitteratur og sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium
- kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i den vidare lese- og skriveopplæringa
- kan legge til rette for at elevar på trinn 1–7 lærer å lese, skrive og diskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium
- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
- kjenner til dokumentanalyse som relevant forskingsmetode i norskfaget
Studenten
- har innsikt i grunnskulefagets historie og i sentrale fagdidaktiske og yrkesetiske problemstillingar
- kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium skriftleg og munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med støtte i digitale verktøy. Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen.
- Eit munnleg arbeidskrav som gruppeoppgåve der studentane arbeider med ein digital ressurs og presenterer ein didaktisk refleksjon over arbeidet
- 3 skriftlege arbeidskrav på 1000 ord (+/- 10 %). Begge målformene skal vere representerrte i dei tre tekstane. Tekstane skal vere kopla til relevante erfaringar frå praksis. Vurderingsforma er tufta på målet om at studentane skal kunne utvikle eit forskarblikk gjennom arbeidet i praksis, samtidig som dei skal kunne drøfte funn opp i mot relevant faglitteratur.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697. Studentane må vere budde på mindre oppgåver knytt til undervisninga i tillegg til arbeidskrava.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 5 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Alle | Individuell heimeeksamen: Eksamen går over ei veke og er knytt opp mot sentrale emne i kurset, samtidig som formelle krav til akademisk tekst og referansebruk blir vurdert. Eksamensteksten skal vere på 2000 ord (+/- 10 %). Målform: nynorsk |
Målform: nynorsk