Semestre
MGL1-7NO2A Norsk 2A: Den andre lese- og skriveopplæringa
I norsk 2A skal studentane få brei kunnskap om og innsikt i korleis elevar på 1.–7.-steget utviklar og vidareutviklar munnleg og skriftleg tekstkyndigheit. Studentane skal få rom til å utvikle seg som profesjonelle norsklærarar med brei innsikt i lese- og skriveopplæring, særleg med vekt på fagtekstar. Dei skal kunne reflektere over ulike tilnærmingar til lese- og skriveopplæring, samt vurdere og gi læringsstøttande tilbakemeldingar til elevane. Vidare skal studentane arbeide med munnlegheit som grunnleggande ferdigheit, samt kritisk literacy. Studentane skal også kunne bidra til at elevane blir trygge og aktive språkbrukarar.
Hovudtemaet for praksis femte semester er fagdidaktikk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har inngåande kjennskap til teoriar om lesing og skriving, særleg knytt til den andre lese- og skriveopplæringa, samt kartlegging og vurdering
- har inngåande kjennskap til grammatikk og språkkunnskap for fagtekstar
- har kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår, og om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
- har utvida kunnskapar om munnlege og skriftlege sjangrar og innsikt i korleis elevar frå 1. til 7. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
- har eit kritisk og vurderande blikk på tekstar og tekstkultur
- har kunnskap om dokumentanalyse som relevant forskingsmetode i norskfaget
Studenten
- kan organisere og drive tilpassa lese- og skriveopplæring for 1. til 7.-trinn etter fagleg grunngitte prinsipp
- kan bruke grammatikk- og språkkunnskap i analyse av munnlege og skriftlege tekstar
- kan bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i rettleiing av elevar i lese- og skriveprosessen
- kan bruke relevante metodar og ny teknologi på måtar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i den vidare lese- og skriveopplæringa
- kan leggje til rette for den munnlege språkutviklinga til elevane
- kan rettleie i arbeidet med tekstar slik at elevane kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
- kan bruke dokumentanalyse som relevant forskingsmetode i norskfaget
Studenten
- kan vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
- har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå eit historisk perspektiv på faget
- har eit medvite forhold til korleis samtalen mellom lærar og elevar, og samtalen elevane imellom, kan fungere som reiskap for læring
Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og i utprøving av digitale verktøy. Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen.
- Eit munnleg arbeidskrav som gruppeoppgåve der studentane arbeider med ein digital ressurs og presenterer ein didaktisk refleksjon over arbeidet
- 2 skriftlege arbeidskrav på 1500 ord (+/- 10 %). Begge målformene skal vere representerrte i dei to tekstane. Tekstane skal vere kopla til relevante erfaringar frå praksis. Vurderingsforma er tufta på målet om at studentane skal kunne utvikle eit forskarblikk gjennom arbeidet i praksis, samtidig som dei skal kunne drøfte funn opp i mot relevant faglitteratur.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697. Studentane må vere budde på mindre oppgåver knytt til undervisninga i tillegg til arbeidskrava.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 5 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Alle | Individuell heimeeksamen: Eksamen går over ei veke og er knytt opp mot sentrale emne i kurset, samtidig som formelle krav til akademisk tekst og referansebruk blir vurdert. Eksamensteksten skal vere på mellom 2000 og 2500 ord. Målform: nynorsk |
Målform: nynorsk