Semestre

MGL1-7PE4 Pedagogikk og elevkunnskap 4: Skulen si rolle i eit demokratisk og pluralistisk samfunn

Emnekode: 
MGL1-7PE4
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2023 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Pedagogy and student knowledge 4: The school`s role in a democratic and pluralistic society
Emnenavn på bokmål: 
Pedagogikk og elevkunnskap 4: Skolen sin rolle i et demokratisk og pluralistisk samfunn
Eksamenssemester: 
2023 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL1-7PE3 Pedagogikk og elevkunnskap 3: Den profesjonelle læraren i møte med elevmangfaldet og andre samarbeidspartnarar
Om emnet

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Pedagogikk og elevkunnskap, grunnskulelærarutdanninga 1.-7. Emnet er fjerde del av faget Pedagogikk og elevkunnskap, og inneheld 10 studiepoeng pedagogikk og 5 studiepoeng religion, livssyn og etikk. 

Emnet omhandlar læraren og skulen si rolle i lys av det komplekse, demokratiske og pluralistiske samfunnet. Det vert lagt vekt på utvikling av analytiske ferdigheiter, kritisk tenking og sjølvstende i pedagogisk verksemd. Skulen sitt verdigrunnlag, moglegheiter og utfordringar knytt til realisering av gjeldande læreplan og styringsdokument vert behandla. Emnet går inn på skule og utdanning i historiske, kulturelle, etiske og politiske perspektiv og på sekularisering og religions- og livssynskritikk som kunnskapsområde. Det vert gjort ei fordjuping i temaa demokrati, danning og identitet i det pluralistiske samfunnet og samanhengar mellom læringsprosessar og deltaking i eit elevfellesskap.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har avansert kunnskap om skulen sin funksjon og rolle i utvikling av demokrati, danning og identitet i eit pluralistisk samfunn
  • har inngåande læreplanforståing, der ein kan drøfte utfordringar i realisering av gjeldande læreplan og andre sentrale styringsdokument
  • har inngåande kunnskap om kritiske perspektiv på skulen sitt verdigrunnlag, utdanningspolitiske styringar og reformar
  • har inngåande kunnskap om historiske og samtidige samanhengar mellom religion, kultur og samfunnsliv i Noreg, inkludert sekularisering og religions- og livssynskritikk
  • har inngåande kunnskap om norsk og samisk skulehistorie
  • har kunnskap om utanforskap, diskriminering, rasisme og kritisk pedagogikk 
Ferdigheiter

Studenten

  • kan kritisk analysere og anvende styringsdokument og skulen sitt verdigrunnlag inn mot læraren sitt arbeid og læraridentitet
  • kan analysere og kritisk vurdere innhald i styringsdokument, offentleg diskurs/debatt og mediedekning i eit demokratisk og pluralistisk samfunn
  • meistrar å fremje dialog, gjensidig anerkjenning og respekt i læringsfellesskap prega av kulturelt- og livssynsmessig mangfald
  • kan anvende forskingsbasert kunnskap for å forebygge og setje i verk tiltak som skal motverke utanforskap, diskriminering og rasisme
Generell kompetanse

Studenten

  • har inngåande kompetanse om framveksten av nasjonale læreplanar i lys av internasjonale trendar og reformar
  • kan identifisere og kritisk analysere utfordringar skulen står overfor i utvikling av demokrati, danning og identitet i ei pluralistisk samfunn
  • kan nytte forskingsbasert og profesjonsretta kunnskap i utøving av lærarrolla
  • har kunnskap om og kan drøfte skulen si rolle i eit demokratisk og pluralistisk samfunn
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt arbeid.

Studentane skal gjennomføre tre individuelle skriftlege arbeidskrav. Arbeidskrava skal saman med andre tema danne grunnlag for ein munnleg eksamen. Studentane får i denne eksamensforma vise breidde og djupne i  kompetansen sin, både når det gjeld faginnhald og formidling. For også å knyte munnlege ferdigheiter til tema som er behandla i skriftlege arbeidskrav, skal studentane delta i seminar i samband med oppgåvene. Studentane får ei aktiv rolle i arbeid med studentrespons på skriftlege arbeidskrav.

Det er obligatorisk oppmøte til timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  1. Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6
  2. Godkjent tre skriftlege temaoppgåver som arbeidskrav, kvar på inntil 1200 ord
  3. Aktiv deltaking knytt til dei skriftlege skriveprosessane
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Torhild Erika Lillemark Høydalsvik
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Arne Myklebust