Semestre
MGL1-7PE4 Pedagogikk og elevkunnskap 4: Skulen si rolle i eit demokratisk og pluralistisk samfunn
Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Pedagogikk og elevkunnskap, grunnskulelærarutdanninga 1.-7. Emnet er fjerde del av faget Pedagogikk og elevkunnskap, og inneheld 10 studiepoeng pedagogikk og 5 studiepoeng religion, livssyn og etikk.
Emnet omhandlar læraren og skulen si rolle i lys av det komplekse, demokratiske og pluralistiske samfunnet. Det vert lagt vekt på utvikling av analytiske ferdigheiter, kritisk tenking og sjølvstende i pedagogisk verksemd. Skulen sitt verdigrunnlag, moglegheiter og utfordringar knytt til realisering av gjeldande læreplan og styringsdokument vert behandla. Emnet går inn på skule og utdanning i historiske, kulturelle, etiske og politiske perspektiv og på sekularisering og religions- og livssynskritikk som kunnskapsområde. Det vert gjort ei fordjuping i temaa demokrati, danning og identitet i det pluralistiske samfunnet og samanhengar mellom læringsprosessar og deltaking i eit elevfellesskap.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
- kunnskap om skulen sin funksjon og rolle i utvikling av demokrati, danning og identitet i ei pluralisert verd
- inngåande læreplanforståing og kan drøfte utfordringar i realisering av gjeldande læreplan og øvrige styringsdokument
- inngåande kunnskap om kritisk perspektiv på skulen sitt verdigrunnlag, utdanningspolitiske styringar og endringar
- inngåande kunnskap om historiske og samtidige samanhengar mellom religion, kultur og samfunnsliv i Norge, inkludert sekularisering og religions- og livssynskritikk
- inngåande kunnskap om norsk og samisk skulehistorie
- kunnskap om utanforskap, diskriminering, rasisme og kritisk pedagogikk
Studenten kan
- kritisk analysere og anvende styringsdokument og skulen sitt verdigrunnlag inn mot læraren sitt arbeid og læraridentitet
- analysere og kritisk vurdere innhald i styringsdokument, offentleg diskurs/debatt og mediedekning knytt til kulturelt, språkleg og religiøst- og livssynsmessig mangfald
- fremje dialog og gjensidig anerkjenning og respekt i læringsfellesskap prega kulturell og livssynsmessig mangfald
- anvende forskingsbasert kunnskap for å forebygge og setje i verk tiltak som skal motverke utanforskap, diskriminering og rasisme
- analysere og legge til rette for elevane si læring i eit mangfaldig fellesskap
Studenten
- kan identifisere og kritisk analysere utfordringar skulen står overfor i utvikling av demokrati, danning og identitet i ei pluralistisk verd
- kan nytte forskingsbasert og profesjonsretta kunnskap i utøving av lærarrolla
- har kunnskap om og kan drøfte didaktiske konsekvensar, utfordringar og moglegheiter i ein skule prega av språkleg, kulturelt og religiøst mangfald.
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsførelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt arbeid.
Studentane skal gjennomføre tre individuelle skriftlege arbeidskrav. Arbeidskrava skal saman med andre tema danne grunnlag for ein munnleg eksamen. Studentane får i denne eksamensforma vise breidde i sin kompetanse, både når det gjeld faginnhald, og formidling. For å også knytte munnlege ferdigheiter til tema som er behandla i skriftlege arbeidskrav skal studentane delta i seminar i samband med oppgåvene. Studentane får også ei aktiv rolle i arbeid med studentrespons på skriftlege arbeidskrav.
Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
- Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6
- Tre skriftlege oppgåver (arbeidskrav).
- Aktiv deltaking i alle seminar knytt til dei skriftlege oppgåvene.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |