Semestre
MGL1-7PRO Profesjonsskriving på bokmål og nynorsk
Ingen
I profesjonsskriving på bokmål og nynorsk skal studentane utvikle skriftlege ferdigheiter i sentrale sjangrar frå lærarkvardagen. Dei skal kunne bruke både nynorsk og bokmål som skriftleg undervisingsspråk (t.d. tavlespråk, tilbakemeldingar til elevane osb.) og i andre profesjonssamanhengar (t.d. årsplanar, møtereferat, informasjonsskriv til foreldra, e-post og annan digital kommunikasjon).
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om forholdet mellom bokmål og nynorsk i opplæringa slik det står i opplæringslova og forskrift til opplæringslova.
- har kunnskap om ulike skriftlege sjangrar i skulekvardagen.
Studenten
- meistrar norsk skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng.
- kan gjere nytte av hjelpemiddel i eiga skriving.
Studenten
- har god kompetanse i norsk skriftleg og kan vere ein god modell for elevane og stimulere til skriving på begge målformer.
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing og seminar med studentaktivitet der studentane sjølve skal vere aktive skrivarar. Det vert lagt opp til at studentane skal samarbeide.
Frammøtekrav:
Obligatorisk frammøte til alle undervisningsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697
Arbeidskrav:
Fire skriftlege arbeidskrav skrivne i seminar, kvart på om lag 400 ord.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 3 timar | Stått eller ikkje stått | Målform: Både bokmål og nynorsk (ei av oppgåvene skal skrivast på bokmål og ei på nynorsk). | Ordliste, nynorsknøkkel, bokmålsnøkkel |