Semestre

MGL1-7PRO Profesjonsskriving på bokmål og nynorsk

Emnekode: 
MGL1-7PRO
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

I profesjonsskriving på bokmål og nynorsk skal studentane få kunnskap om forholdet mellom bokmål og nynorsk i opplæringa slik det står i opplæringslova og forskrift til opplæringslova, og dei skal utvikle skriftlege ferdigheiter i sentrale sjangrar frå lærarkvardagen. Studentane skal kunne bruke både nynorsk og bokmål som skriftleg undervisingsspråk (t.d. tavlespråk, tilbakemeldingar til elevane osb.) og i andre profesjonssamanhengar (t.d. årsplanar, møtereferat, informasjonsskriv til foreldra, e-post og annan digital kommunikasjon).

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om skrivereglar og grammatikk på bokmål og nynorsk
  • har kunnskap om ulike skriftlege sjangrar i skulekvardagen
  • har kunnskap om forholdet mellom bokmål og nynorsk i opplæringa slik det står i opplæringslova og forskrift til opplæringslova
Ferdigheiter

Studenten

  • meistrar norsk skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
  • kan bruke digitale ressursar og andre hjelpemiddel i profesjonsfagleg skriving
  • kan med utgangspunkt i opplæringslova og forskrift til opplæringslova argumentere for kvifor ein lærar må ha god kompetanse i bokmål og nynorsk
Generell kompetanse

Studenten

  • har god kompetanse i norsk skriftleg og kan vere ein god modell for elevane og stimulere til skriving på begge målformer
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing og seminar med studentaktivitet der studentane sjølve skal vere aktive skrivarar. Det vert lagt opp til at studentane skal samarbeide.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Obligatorisk frammøte til alle undervisningsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6

Arbeidskrav:

Fire skriftlege arbeidskrav skrivne i seminar, kvart på om lag 200–500 ord.

Sensorordning
Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Pernille Fiskerstrand
Kristin Kibsgaard Sjøhelle
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
Stått eller ikkje stått
Målform: Både bokmål og nynorsk
Mappa skal innehalde omarbeidd versjon av dei fire arbeidskrava. Minst to av tekstane skal skrivast på nynorsk, og minst to av tekstane skal skrivast på bokmål.
Godkjent av: 
Arne Myklebust