Semestre

MGL1-7SP2 Lærevanskar og spesialundervisning

Emnekode: 
MGL1-7SP2
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL1-7PE1 Pedagogikk og elevkunnskap 1: Læraren si tilrettelegging for læring og utvikling
Om emnet

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanninga, 1-7, i faget Profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk, 30 studiepoeng.

Dette emnet gir ei innføring i utfordringane for og tilbodet til elevane som har behov for spesialundervisning, særleg dei yngste elevane i skulen Det supplerer dermed det første emnet i studiet, og som tok opp spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen. Dei mest konkrete utfordringane i spesialpedagogisk verksemd i skulen gjeld elevane som har vanskar med å lære. Emnet vil ta opp kva som kan skape lærevanskar, korleis lærevanskar kjem til syne, kva følgjer lærevanskar kan ha, og korleis møte lærevanskar i arbeidet både i den ordinære opplæringa og i spesialundervisninga i skulen. Dei vanlegaste lærevanskane i skulen er tekne med i dette emnet, og med ein særleg konsentrasjon om begynnaropplæringa. Det er lærevanskar knytte til språk, lesing og skriving, til sosiale og emosjonelle vanskar, problemåtferd og psykisk helse. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har forskingsbaserte kunnskapar om

  • årsaker til lærevanskar knytte til språk, lesing, skriving, problemåtferd og psykisk helse, korleis desse kan kome til uttrykk, og kva konsekvensar dei kan ha.
  • ulike måtar å møte desse lærevanskane på i skulen
  • kva tidleg innsats kan ha å seie for elevar med lærevanskar
Ferdigheiter

Studenten

  • skal kunne identifisere sentrale kjenneteikn på at elevar kan ha lærevanskar.
  • skal kunne planlegge og gjennomføre undervisning for elevar med høgfrekvente lærevanskar, særleg for dei yngste elevane
  • bruke teoretisk/ forskingsbasert kunnskap til kritisk å velje, formulere, undersøke og analysere spesialpedagogiske problemstillingar
  • framstille og drøfte faglege problemstillingar innanfor ein vitskapleg tidsskriftsjanger
Generell kompetanse

Studenten

  • skal ha innsikt i korleis ein kan legge til rette læringsmiljøet for elevar med lærevanskar på klassestega 1-7.
  • skal kunne meistre ulike teoretiske perspektiv på årsaker til lærevanskar, og korleis desse kan kome til uttrykk i skulen.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.
 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

 

Arbeidskrav: 

  • Studentane skal presentere og drøfte utkast til teoretisk refleksjonstekst for ei gitt problemstilling med medstudentar på munnlege seminar.

  • Studentane skal kommentere minst eit utkast til teoretisk refleksjonstekst frå medstudent.

  • Studentane skal levere ei teoretisk refleksjonstekst på inntil 2000 ord ut frå gitt problemstilling. 

Detaljane i arbeidskrava vert formidla i eit eige skriv ved semesterstart. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Peder Haug
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
29 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Alle hjelpemiddel tillatt