Semestre
MGL1-7SP2 Spesialpedagogikk 2: Lærevanskar og spesialundervisning
Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanninga, 1.-7- trinn, i faget Profesjonsretta pedagogikk eller Spesialpedagogikk, 15 studiepoeng.
Emnet gir ei innføring i utfordringane og tilbodet til elevane som har behov for spesialundervisning, med vekt på begynnaropplæring og mellomtrinn. Det supplerer dermed det første emnet i studiet, som tek opp spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen. Dei mest konkrete utfordringane i spesialpedagogisk verksemd i skulen gjeld elevane som har vanskar med å lære. Dette emnet tek opp kva som kan skape lærevanskar, korleis lærevanskar kjem til syne, kva følgjer lærevanskar kan ha, og korleis møte lærevanskar både i den ordinære opplæringa og i spesialundervisninga i skulen. Det er dei vanlegaste utfordringane knytt til fagleg og sosial læring og utvikling i skulen som vert belyst i dette emnet. Det dreiar seg om psykisk helse, språk-, lese- og skrivevanskar, matematikkvanskar, åtferdsutfordringar og sosiale og emosjonelle behov.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
- kunnskap om lærevanskar knytt til språk, lesing, skriving, matematikk, åtferd, sosialt samspel og psykisk helse
- brei kunnskap om måtar å møte lærevanskane på i skulen
- inngåande kunnskap om kva tidleg innsats og systematisk arbeid kan ha å seie for elevar med lærevanskar
Studenten kan
- analysere og forstå moglege årsaker til elevar sine lærevanskar
- planlegge og gjennomføre undervisning for elevar med lærevanskar
- bruke forskingsbasert kunnskap til kritisk å velje, formulere, undersøke og analysere spesialpedagogiske problemstillingar
- formulere og drøfte faglege problemstillingar på ein kvalifisert måte, munnleg og skriftleg
Studenten
- har innsikt i korleis ein kan legge til rette læringsmiljøet for elevar med lærevanskar på 1.-7. trinn
- kan meistre ulike teoretiske og forskingsbaserte perspektiv på lærevanskar
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsundervisning og seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt.
Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
- Studentane skal presentere og drøfte utkast til teoretisk refleksjonstekst med medstudentar på munnlege seminar.
- Studentane skal kommentere minst eit utkast til teoretisk refleksjonstekst frå medstudent.
- Studentane skal levere ei teoretisk refleksjonstekst på 2000 ord
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 1-7 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 4 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ingen |