Semestre

MGL5-10KR1 Kroppsøving 1

Emnekode: 
MGL5-10KR1
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Faget kroppsøving for grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving frå 5. trinn og ut grunnskulen.

Undervisninga i faget skal vere integrert, forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Faget skal gi studenten fagleg, pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, utvikle faget i framtida og ivareta dei kroppslege dimensjonane hjå mennesket.

Studenten skal tileigne seg kunnskap om og erfaring med undervisning i ulike rørslemiljø som er relevant for trinn 5-10. Kunnskap om kva som fremjar kroppsleg læring, positiv sjølvforståing og rørsleglede er sentralt. Faget skal styrke profesjonsidentitet og studenten sitt arbeid med mangfald og ulikskap i skulen. Undervisninga skal utvikle studenten si lærarkompetanse, individuelt og i samarbeid med andre.

Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på trinn 5-10 i grunnskulen. Det vert lagt vekt på undervisningskompetanse i kroppsøvingsaktivitetar (naturferdsel, fysisk aktivitet og funksjonshindringar, symjing, sjølvberging, livberging, ballspel, leik og dans), samt tidsaktuelle rørsleformer i barne- og ungdomskultur. Kunnskap om korleis kroppsøving bidreg til elevane si heilheitlege utvikling, står sentralt.

Emnet bygger på ei eksemplarisk og praktisk tilnærming. Studenten får prøve seg i ulike aktivitetsformer og i variert undervisning i kroppsøving, samt reflektere rundt korleis dette er eigna til å fremje kroppsleg læring, positiv sjølvforståing, helse og rørsleglede for alle elevar. Samarbeid med praksisskule er av vesentleg betyding for å nå målsetingane i emnet. Den fagspesifikke kompetanse vert tileigna gjennom praktisk og teoretisk undervisning og profesjonspraksis.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har kunnskap om kroppsøvingsfaget sitt føremål, eigenart og legitimering til andre skulefag
  • har kunnskap om kva som kan fremje rørsleglede for elevar
  • har kunnskap om undervisningsplanlegging, -gjennomføring og -evaluering i kroppsøving
  • har kunnskap om elevvurdering i kroppsøving 
  • har kunnskap om leik og rørsleaktivitetar i barn sin oppvekst, kroppsøvingsaktivitetar og tidsaktuelle rørsleformer i barne- og ungdomskultur
  • har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling hjå eleven
  • har kunnskap om dans, naturferdsel, symjeopplæring, sjølvberging, livreddande førstehjelp og livberging i vatn og trygg ferdsel på, i og ved vatn ute i naturen
  • har kunnskap om reglar og speleprinsipp i ballspela basketball, handball og fotball
  • har basisdugleikar i naturferdsel
  • har kunnskap om kroppen som symbol i dagens samfunn med vekt på korleis dette kjem til uttrykk i barnekultur
  • har kunnskap om bruk av digital teknologi i idrett og kroppsøving som motivasjon for læring
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i kroppsøving ut frå lovverk, læreplan og profesjonsetiske retningslinjer
  • kan legge til rette for læringssarbeid som kan femje rørsleglede i leik, nærmiljøaktivitet og varierte rørsleformer
  • kan vurdere eleven si kroppslege læring og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemeldingar
  • kan utvikle og utforska eigne dugleikar og kunnskapar i varierte rørsleaktivitetar med tanke på undervisning i kroppsøving
  • kan utforske eigne kroppslege uttrykk og leie og gjennomføre skapande prosessar der rørsleglede og refleksjon er sentralt
  • kan gi opplæring i dans, naturferdsel, symjing, sjølvberging, livreddande førstehjelp, livberging vatn og trygg ferdsel på, i og ved vatn ute i naturen
  • kan utføre livbergande førstehjelp og livberging i vatn
  • kan gi opplæring om reglar og speleprinsipp i ballspela basketball, handball og fotball
  • kan identifisere farer, vurdere og ivareta eleven si sikkerheit i ulike aktivitetar og rørslemiljø
  • kan inkludere dei fem grunnleggjande dugleikane på faget sine premissar
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan drøfte på kva måte kroppsøving bidreg til eleven si allmenndanning
  • kan analytisk vurdere og kommunisere om rørsleaktivitetar og ulike rørslemiljø 
  • kan kommunisere med elevar, føresette og kollegaer om kroppsøving og idrett
  • kan arbeide med kroppsøving og rørsleaktivitet i tverrfagleg perspektiv
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Ein vil variere mellom forelesningar, seminar, nettbasert læringsarbeid, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, på baner, i sal, i symjebasseng og bruke varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til. Delar av den teoretiske og praktiske undervisninga vil skje i samarbeid med praksisfeltet

Seksjonen nyttar Canvas i kommunikasjon med studentane. 

Emnet består av:

Kurs 1: Undervisninglære 

Kurs 2: Motorisk læring 

Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving:

Kurs 3: Dans

Kurs 4: Naturferdsel i nærmiljøet

Kurs 5: Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar

Kurs 6: Ballspel (basketball, fotball og handball)

Kurs 7: Symjing, livberging og livberging

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 80 % oppmøte i kurs 1, 2, 3, 4 og 7.

Kurs 6: Ballspel: Ein krev 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs.

Krav om 100 % deltaking i kurs 5.

Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.

Arbeidskrav:

  • Kurs 1. Forskings- og utviklingsarbeid i kroppsøving knytt til praksisfeltet. Gruppevis/individuell munnleg og digital presentasjon. Meir informasjon kjem fram av kursplanen. 
  • Kurs 2. Samarbeid med praksisfeltet. Observasjon av ulike rørslemiljø for elevar. Skriftleg innlevering i grupper. Omfang på rapport: ca. 1500 ord
  • Kurs 2. Samarbeid med praksisfeltet. Observasjon av barn i leik og fysisk aktivitet. Individuelt skriftleg refleksjonsnotat på ca. 500 ord.
  • Godkjent eigentrening med framføring i kurs 3.
  • Godkjent idrettsteoriprøve/oppgåver i kurs 4, 6 og 7.
  • Godkjent livbergingsprøve i basseng
  • Refleksjonsnotat knytt til praksis vedrørande friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar. Omfang: ca.1000 ord
  • Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet
Sensorordning
Minimumstal: 
1
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Elisabeth Innselset
Materialavgift

400kr som skal dekkje bruk av utstyr og materiell.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
29 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Kurs 1: Undervisningslære
Alle hjelpemiddel tilatt
Heimeeksamen
Individuell
29 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Kurs 2: Motorisk læring
Alle hjelpemiddel tillatt
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individuell
5 Dagar
Stått eller ikkje stått
Kurs 5: Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonsnedsettningar.
Gjennomføring og godkjenning av kurset. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid. Det er krav om 100 % deltaking.
Godkjent av: 
Unni Hagen