Semestre

MGL5-10KR1 Kroppsøving 1

Emnekode: 
MGL5-10KR1
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2026 Vår
Eksamenssemester: 
2026 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Faget kroppsøving for grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving frå 5. trinn og ut grunnskulen.

Undervisninga i faget skal vere integrert, forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Faget skal gi studenten fagleg, pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, utvikle faget i framtida og ivareta dei kroppslege dimensjonane hjå mennesket.

Studenten skal tileigne seg kunnskap om og erfaring med undervisning i ulike rørslemiljø som er relevant for trinn 5-10. Kunnskap om kva som fremjar kroppsleg læring, positiv sjølvforståing og rørsleglede er sentralt. Faget skal styrke profesjonsidentitet og studenten sitt arbeid med mangfald og ulikskap i skulen. Undervisninga skal utvikle studenten si lærarkompetanse, individuelt og i samarbeid med andre.

Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving på trinn 5-10 i grunnskulen. Det vert lagt vekt på undervisningskompetanse i kroppsøvingsaktivitetar (naturferdsel, symjing, sjølvberging, livberging, ballspel, leik og dans), samt tidsaktuelle rørsleformer i barne- og ungdomskultur. Kunnskap om korleis kroppsøving bidreg til elevane si heilheitlege utvikling, står sentralt.

Emnet bygger på ei eksemplarisk og praktisk tilnærming. Studenten får prøve seg i ulike aktivitetsformer og i variert undervisning i kroppsøving, samt reflektere rundt korleis dette er eigna til å fremje kroppsleg læring, positiv sjølvforståing, helse og rørsleglede for alle elevar. Samarbeid med praksisskule er av vesentleg betyding for å nå målsetingane i emnet. Den fagspesifikke kompetanse vert tileigna gjennom praktisk og teoretisk undervisning og profesjonspraksis.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskap om

  • kroppsøvingsfaget sitt føremål, eigenart og legitimering til andre skulefag
  • undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer i kroppsøving
  • kva som kan fremje rørsleglede for elevar
  • tilpassa opplæring og inkludering i kroppsøving 
  • kroppsleg læring på bakgrunn av motorisk utvikling 
  • samspel, medverknad, likestilling og likeverd i kroppsøving  
  • ulike aktivitetar, idrettar, naturferdsel og trygg og bærekraftig ferdsel  
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan planlegge, gjennomføre, vurdere og grunngje undervisning i kroppsøvingsfaget, tufta på mål for opplæringa, lokale og individuelle behov 
  • kan leie og motivere elevar i fagleg arbeid og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle elevar gjennom varierte aktivitetar
  • kan gje undervegs- og sluttvurdering, informere om elevane sitt faglege nivå og utvikling, og gje faglege vurderingsgrunngjevingar  
  • kan fremme kritisk tenking om kroppsideal som kan pårvirke sjølvkjensle, hele, trening og livsstil 
  • kan identifisere farer, vurdere og ivareta eleven si sikkerheit i ulike aktivitetar og rørslemiljø 
  • kan utvikle og utforske eigne ferdigheiter og kunnskapar i varierte aktivitetar 
  • kan utføre livbergande førstehjelp og livberging i vatn
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan formidle fagdidaktiske problemstillingar og kritisk reflektere over profesjonsetiske spørsmål  
  • kan orientere seg i faglitteratur, reise relevante problemstillingar, undersøke og drøfte desse kritisk og utvikle sin eigen faglege praksis
  • arbeide tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving  
  • kan inkludere dei fem grunnleggjande ferdighetene på faget sine premissar 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, digitalt læringsarbeid, multimodale arbeidsformer og arbeidskrav, gruppe- og individuelt arbeid. Praktisk undervisning vil i hovudsak foregå i basseng, ute, i nærmiljø, i sal og på stadion.  

Ved digital undervisning i zoom vert det stilt krav om aktiv deltaking.

Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane. 

Emnet vil bestå av:

Kurs 1: Undervisninglære

Kurs 2: Motorisk læring

Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving:

Kurs 3: Dans, bevegelse til musikk og alternative aktivitetar

Kurs 4: Naturferdsel i nærmiljøet

Kurs 5:  Leik, utvalde ballspel og alternative aktivitetar

Kurs 6: Symjing, sjølvberging og livberging

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Krav om 80 % oppmøte i kurs 1, 2, 3, 4 og 6.

Kurs 5: Ballspel: Ein krev 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs.

Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.

Arbeidskrav:

  • Kurs 2. Samarbeid med praksisfeltet. Tilrettelegging av rørslemiljø og observasjon av barn/ungdom i leik og fysisk aktivitet. Godkjent skriftleg innlevering i små grupper omfang 1500 ord (+/- 10%)

  • Godkjent arbeidskrav/innlevering i kurs 3, 4, 5 og 6.

  • Livbergingsprøve i basseng

  • To godkjente praktisk metodiske oppgåver (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet

Sensorordning
Minimumstal: 
1
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Eli-Karin Sjåstad Åsebø
Materialavgift

400kr som skal dekkje bruk av utstyr og materiell.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
4 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Kurs 1: Undervisningslære
Skriftleg eksamen
Individuell
4 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Kurs 2: Motorisk læring
Godkjent av: 
Unni Hagen