Semestre
MGL5-10MA1B2 Matematikk 1B: Geometri og algebraisk tenking
Dette emnet er andre del av Matematikk 1 for studentar som vel matematikk i grunnskulelærarutdanninga for 5-10. Gjennom emnet får studentane eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5-10 trinn, med særleg vekt på ungdomstrinnet.
Innhaldet er basert på dei nasjonale retningslinjene for Matematikk 1 i grunnskulelærarutdanninga for 5-10. Matematiske tema i emnet er geometri, algebra og funksjonar. Bruk av digitale verktøy og tilpassa opplæring er andre sentrale tema i emnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har undervisningskunnskap i geometri, algebra og funksjonar
- har kunnskap om algebraisk tenking og korleis ulike representasjonsformer er vesentlege for elevane si læring
- har kunnskap om algoritmisk tenking og programmering
- har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald på dei ulike trinna i grunnskulen, på første året i vidaregåande skule og om overgangane mellom dei ulike trinna
- har kunnskap om interaksjonsmønster, kommunikasjon og språket si rolle for læring av matematikk
- har kunnskap om bruk og vurdering av ulike læremiddel i matematikk, mellom anna digitale verktøy som dynamisk geometriprogram, grafteiknar og programmeringsverktøy.
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar på 5.-10. steget, med fokus på variasjon og elevaktivitet, forankra i forsking, teori og praksis
- kan bruke arbeidsmåtar som fremmar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngjevingar, argument og bevis
- kan analysere og vurdere elevane sine tenkjemåtar, argumentasjon og løysingsmetodar
- kan førebyggje og oppdage matematikkvanskar og leggje til rette for meistring og læring for alle elevar
- kan bruke digitale verktøy i eiga undervisning og i eige studium
Studenten
- kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
- har innsikt i matematikkfaget si rolle knytt til andre fag, kvardagslivet og samfunnet elles
- har innsikt i kva matematikkfaget har å seie for utvikling av kritisk demokratisk kompetanse
Studiet legg opp til varierte arbeidsformer, mellom anna sjølvstudium, individuell rettleiing, didaktisk refleksjon, utforsking, problemløysing og forelesingar. Arbeidsformene i emnet skal gi studentane høve til å utvikle kompetanse knytt til ulike læringsutbytteformuleringar både munnleg og skriftleg. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane, gjennom engasjement og initiativ, for å fremje eiga og medstudentar si læring.
Frammøtekrav:
Obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane.
Arbeidskrav:
To didaktiske oppgåver. Omfanget på oppgåvene skal vere på 500-1000 ord.
Ei skriftleg prøve på 3 timar.
Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 2/3 | |||
Skriftleg eksamen | Individuell | 4 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 1/3 | Nasjonal deleksamen |