Semesters

MGL5-10MA1B2 Matematikk 1B: Geometri og algebraisk tenking

Course code: 
MGL5-10MA1B2
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2021 Autumn
Assessment semester: 
2021 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Course content

Dette emnet er andre del av Matematikk 1 for studentar som vel matematikk i grunnskulelærarutdanninga for 5-10. Gjennom emnet får studentane eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5-10 trinn, med særleg vekt på ungdomstrinnet. 

Innhaldet er basert på dei nasjonale retningslinjene for Matematikk 1 i grunnskulelærarutdanninga for 5-10.  Matematiske tema i emnet er geometri, algebra og funksjonar. Bruk av digitale verktøy og tilpassa opplæring er andre sentrale tema i emnet. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Learning outcome knowledge

Studenten 

  • har undervisningskunnskap i geometri, algebra og funksjonar
  • har kunnskap om algebraisk tenking og korleis ulike representasjonsformer er vesentlege for elevane si læring
  • har kunnskap om algoritmisk tenking og programmering
  • har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald på dei ulike trinna i grunnskulen, på første året i vidaregåande skule og om overgangane mellom dei ulike trinna
  • har kunnskap om interaksjonsmønster, kommunikasjon og språket si rolle for læring av matematikk
  • har kunnskap om bruk og vurdering av ulike læremiddel i matematikk, mellom anna digitale verktøy som dynamisk geometriprogram, grafteiknar og programmeringsverktøy. 
Learning outcome skills

Studenten   

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar på 5.-10. steget, med fokus på variasjon og elevaktivitet, forankra i forsking, teori og praksis
  • kan bruke arbeidsmåtar som fremmar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngjevingar, argument og bevis
  • kan analysere og vurdere elevane sine tenkjemåtar, argumentasjon og løysingsmetodar
  • kan førebyggje og oppdage matematikkvanskar og leggje til rette for meistring og læring for alle elevar  
  • kan bruke digitale verktøy i eiga undervisning og i eige studium 
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • har innsikt i matematikkfaget si rolle knytt til andre fag, kvardagslivet og samfunnet elles
  • har innsikt i kva matematikkfaget har å seie for utvikling av kritisk demokratisk kompetanse 
Working and learning activities

Studiet legg opp til varierte arbeidsformer, mellom anna sjølvstudium, individuell rettleiing, didaktisk refleksjon, utforsking, problemløysing og forelesingar. Arbeidsformene i emnet skal gi studentane høve til å utvikle kompetanse knytt til ulike læringsutbytteformuleringar både munnleg og skriftleg. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane, gjennom engasjement og initiativ, for å fremje eiga og medstudentar si læring. 

 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane.  

Arbeidskrav:

To didaktiske oppgåver.  Omfanget på oppgåvene skal vere på 500-1000 ord.

Ei skriftleg prøve på 3 timar.  

Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen.

 

Evaluation system
Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Øyvind Roger Halse
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
2/3
Written Exam
Individual
4 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
1/3
Nasjonal deleksamen
Approval signature: 
Arne Myklebust